Hittil har kommunen hatt to interessentar som har vore interesserte i å byggje helsehus i Hareid. Hareid Eigedomsutbygging i hamneområdet, og Ulstein Betong Constructer på tomta mellom Melshorn Hotell og Hareid rådhus.

Men Hareid kommune ville ha fleire alternativ å velje mellom, og etter ei utlysing har det altså kome inn sju tilbod.

Inge Eidem eig Hamnesenteret, tomta der Hareid Eigedomsutbygging gjerne vil bygge ned til sjøkanten. Og Nils Erik Skeide ved Ulstein Betongconstructor tilbyr kommunen å kjøpe tomta mellom hotellet og rådhuset.

Fleire tomter i Kjøpmannsgata

Dei nye på banen er Øystein Hareide (eigedomen til Gudrun Hareide), Gunnar Hareide (eigedomen til Johannes G. Hareide) og eigedomen til Ingebjørn Follestad. Desse tre eigedomane ligg på rekke og rad i Kjøpmannsgata, og området er identisk med den plasseringa som arkitekt Georg Grimstad teikna for eit helsehus/leilegheitsbygg på oppdrag for Hareid kommune.

Berre eit par hus lenger inne i Kjøpmannsgata har Kurt Eilertsen tilbydd kommunen å få kjøpe eigedomens hans. Det tidlegare bustadhuset til familien Furnes, med forretningslokale på grunnplan. I dag er det Rom for Stil, som driv forretning der.

Øyeholbygget ved Mega

Også John Henry Holtet, som eig den tidlegare Øyehol-butikken ved sida av Coop Mega, er interessert i å selje eigedomen.

Alle eigedomane ligg i nærleiken av miljøgata, strekninga frå rundkøyringa ved Hareid bedehus, gjennom Kjøpmannsgata og ned til snøggbåtområdet.

– Vi skal no i samtalar og forhandlingar med interessentane. Og til kommunestyremøtet 7. september skal det ligge føre ei vurdering av alle tomtene, opplyser ordførar Riise.

Ståle Ivar Hovden i konsulentfirmaet Hammerø & Storvik er engasjert som prosjektleiar, og saman med byggenemnda og administrasjonen i Hareid kommune skal han vurdere tomtene. Riise er leiar i byggenemnda, og det er han som skal kome med ei tilråding.

– Det er flott at kommunestyret no har fleire tomter å velje mellom, men dette betyr ikkje at tilboda vi hadde frå før no er uaktuelle, kommenterer Riise.