Søndag var det klart for den offisielle opninga av det nye, flotte sykkelanlegget ved Vikelva, i og ved skogen mellom Anholen og Hovsethaugen i Ulsteinvik. Her har det kome på plass ei flott pumpbane, i tillegg til ein hinderpark og ei terrengløype i skogen der ein kan velje mellom løyper med tre vanskegrader. To av tre løyper er ferdige, men Ulstein og Omegn sykkelklubb får snart på plass den siste og grommaste av dei tre.

I vindauget over kan du bli med på tur ned blå løype og raud løype, med kvar si vanskegrad.

Videoen er filma og redigert av ein av dei mange som har vore med og jobba fram sykkelparken, Sindre Håskjold. Han har filma videoen med GoPro, og dei to gutane framfor han er sonen Eirik nærmast og Magnus Winter fremst.