(NPK): Solcelleanlegget med 570 panel skal kunne produsere rundt 10.000 kWh i året.

– Vi politikarar snakkar mykje om grøn omstilling og at vi skal erstatte fossil energi med fornybar energi. Vi er nøydde til å ta små steg for å erstatte olje og gass. Dette tiltaket viser at det er ein profesjonell byggeigar i Statsbygg og ein høgskule som er miljøbevisst, seier voldingen Jon Georg Dale på nettsidene til høgskulen.

Solcelletaket er resultat av ei utfordring frå studentane til høgskulen om å bli meir miljøbevisst. Høgskulen og Statsbygg har derfor inngått det dei kallar ein grøn tilleggsavtale til leigeavtalen, som gjorde det mogleg å finansiere solcelleanlegget.

Ifølgje regiondirektør Kjetil Lehn i Statsbygg vart solcellealternativet berre litt dyrare enn å reparere det øydelagde taket med nye sinkplater. I tråd med avtalen har høgskulen har gått inn med 400.000 kroner av eige budsjett for å få realisert miljøtiltaket.