Sjølv om dei fleste kjenner John Carew best som fotballspelar, er ikkje rolla som skodespelar ny for han. Han fortel til Vikebladet Vestposten at då han la opp fotballen, tok han skodespelartimar. Skodespel og film var noko han hadde vore interessert i lenge. Carew rekna med at det ville ordne seg med ein del jobbar, for han hadde gode kontaktar i utlandet.

I 2013 spelte han i den kanadiske thrilleren «Dead of Winter», som hadde premiere i 2014. I den norske gangsterfilmen «Høvdinger» hadde han ein av hovudrollene. Han fekk også tilbod om ein filmrolle i 2008, men då spelte han framleis fotball, og det var vanskeleg å kombinere filminnspelinga med fotballkarrieren.

Sjølv om han har prøvd seg som skodespelar før, er det litt annleis å spele inn dramaserie for NRK.

– Dette er drama, det blir på ein litt annan måte. Då kan eg ikkje berre spele gangster, til dømes. Det er fantastisk utviklande, forklarer Carew som likar godt å spele i «Heimebane».

Han seier at han har pasjon for skodespel, så han gjer sitt beste for at dette skal bli bra.

– Var du med i barneteater då du var liten, eller russerevy då du var russ?

– Nei, då eg var liten var det fotball for alle pengane, slår Carew fast.

Scora 2 mål mot Hødd

Carew hugsar godt at han i 1997, dagen etter prinsesse Diana døydde, spelte kamp på Høddvoll for Vålerenga Fotball. Syttenåringen scora to mål, og laget hans vann.

– Er du redd sjåarane vil tru du speler deg sjølv i dramaserien, då du også har ei fotballkarriere å sjå tilbake på?

– Nei, bortsett frå at me er på same alder og har spelt fotball, har ikkje rolla noko med meg å gjere. Det er så mykje ulikt. Det skjer så mykje sprøtt med han i serien, svarer Carew. Men han vil ikkje røpe kva det sprøe som skjer i serien er.

Vil ikkje steppe inn på Hødd

– No som du er så mykje i Ulstein under innspelinga. Får du med deg heimekampane til Hødd og følgjer med på dei?

– Nei, det gjer eg ikkje. Eg er i grunnen opptatt med speling og mitt.

– Så det er ikkje aktuelt for deg å hoppe inn å spele litt for Hødd på ein kamp eller to for å hjelpe dei? Det ser ut til at dei treng litt hjelp?

– Nei, det trur eg ikkje at eg er i fotballform til, svarer Carew.

Han legg til at han er i god form, men ikkje i form på den måten. Det vil ta han 2–3 månader å trene seg opp på tippeliga-nivå. Det hadde han greidd, men det er ikkje aktuelt no.

Glad i natur

– Det er veldig vakkert her! Eg elskar naturen her. Det er fint både i Ulsteinvik og mange stader rundt her. Om eg har fri køyrer eg gjerne til Geiranger, Stryn eller andre fine stader. Om du går inn på Instagram-kontoen min så ser du at eg har pasjon for å natur. Og då tar eg med meg kamera og ser etter heilt spesielle ting å fotografere, fortel han.

Han har fått tid å til prøve den nye gondolbanen i Loen.

– Det er meiningslaust å gå opp når ein kan ta gondolbane, slår Carew fast.

– Har du måtte leggje om dialekta i serien?

– Nei, det slapp eg heldigvis. Det med å skifte dialekt tar Ane Dahl Torp seg av, ho er utruleg flink, skryt Carew av motspelaren sin.

Høddvoll er døypt om til Tangsrud Arena. Og fotballklubben heiter Varg, ikkje Hødd. Men elles er det mykje av Ulstein i serien. Dramasjef Ivar Køhn synest det blir ei fin blanding av fotballspelarar og skodespelarar i serien. Han fortel at mange skodespelarar er interesserte i fotball. Denne interessa set dei pris på å få bruke fagleg i «Heimebane».–Skodespelarane har eit eige fotball-lag, og dei er ganske gode, røper han til Vikebladet Vestposten. Foto: Ingvild Aursøy Måseide.