Søndag var det klart for den offisielle opninga av det nye, flotte terrengsykkelanlegget ved Vikelva, i og ved skogen mellom Anholen og Hovsethaugen i Ulsteinvik. Her har det kome på plass ei flott pumpbane, i tillegg til ein hinderpark og ei terrengløype i skogen der ein kan velje mellom løyper med tre vanskegrader. To av tre løyper, løype blå og raud, er ferdige og mykje nytta allereie. Men, Ulstein og Omegn sykkelklubb får snart på plass den siste og grommaste av dei tre, løype svart, som har høgast vanskegrad.

Parken er kostnadsrekna til over ein million kroner, men om ein hadde rekna med alt arbeidet frivillige har lagt ned, hadde ein kome fram til ein sum på rundt 1,5 millionar kroner, fortalde leiaren i Ulstein og Omegn sykkelklubb, Arnfinn Oksavik, til dei frammøtte i pøsregnet søndag.

Første initiativtakarar var Mark Winter og Lindor Ulstein, men sidan har det kome til fleire som har gjort ein stor innsats for å få i stand sykkelparken; nemnte Arnfinn Oksavik, Leif Rune Solås, Magne Bergseth, Svein Elde med fleire.

- Mark og Lindor har heldt på med dette i 5-6 år dei. Då eg blei leiar i Ulstein OSK tenkte eg at vi måtte støtte dei i arbeidet det vi kunne. Vi sette i gang å søkje om midlar. Mark fekk tilslag på nokre av søknadane sine, og Gjensidigestiftinga dukka opp med ein ganske stor sum. Vi fekk nok midlar til å setje i gang, og meire til etter dette igjen, og no er vi her, med ein flunkande ny terrengsykkelpark, seier Arnfinn Oksavik.

- Ein fin plass å øve

Dei andre støttespelarane har vore Ulsmo, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebanken Møre, Ulstein kommune og Ulstein og Omegn sykkelklubb.

- Banen ligg sentralt til, ikkje så langt frå Høddvoll og nært inntil budstadfelt. Her kan små og store øve opp ferdigheiter som blir viktige seinare i livet, anten ein ønskjer å sykle konkurransar eller berre har det gøy.

Ulstein og Omegn sykkelklubb tel per i dag i overkant av 100 medlemmar, og terrengsykkelgruppa blir framover langt meir aktiv, no som ein har ein tenleg terrengsykkelpark å trene i.

- Dette blir ein fin plass å øve seg opp. Så kan ein prøve større anlegg ute i verda når ein føler seg meir trygg på ferdigheitene sine. Vi ønskjer med dette å leggje til rette for at fleire kjem seg ut, seier Arnfinn Oksavik.

Stor glede

Den største bidragsytaren utanom dei frivillige har som sagt vore Gjensidigestiftinga, som gav over ein halv million kroner i støtte til prosjektet. Berit Lyngstad er lokal representant for stiftinga, og sa nokre fine ord før ho opna parken. Sjølve opninga blei gjort ved å klippe over ein kvast som låg mellom to kjegler. Med det sykla borna ut på pumpbanen igjen. For sjølv om dette var den offisielle opninga, har sykkelparken vore mykje brukt allereie. Pumpbanen har til dømes stått ferdig ei god stund.

- Kvar gong eg passerer her ser eg born som syklar. Eg ser altså sjølv kor stor glede denne sykkelparken gir born og unge, sa Berit Lyngstad i talen sin.

Lyngstad sit i generalforsamlinga og gåveutvalet til Gjensidige her i fylket. Ho er frivilleg valt av forsikringskundar i Gjensidige i Møre og Romsdal. Ho ønskjer å oppmode andre lag og organisasjonar til å søkje om støtte.

- Gjensidigestiftinga er største eigar i forsikringsselskapet Gjensidige, og vi set overskotet frå forsikringsselskapet over i ei stor gåvestifting. I Møre og Romsdal deler vi kvart ut i overkant av 7 millionar kroner til små og stor prosjekt. Vi har nokre dedikerte innsatsområde, og i år er søknadsfristen 15. september. For den som les dette, og som ser kva Ulstein og Omegn sykkelklubb med fleire har fått til her, gå inn på våre heimesider og søk! seier Lyngstad.

Støtte frå folkehøgskulen

Sunnmøre Folkehøgskule har også støtta sykkelklubben i høve terrengsykkelparken, med ei gratis anleggsmaskin og overnatting for arbeidsstyrken på 3-5 personar i fleire veker.

- I sum gjer det at SUFH er den tredje største støttespelaren vår. Vi er svært takksame, seier Arnfinn Oksavik.