I  lett duskregn kom rektor Ceciie Bjørlykke ut på skuleplassen ved Hjørungavåg skule då klokka kima klokka 08.15 måndag morgon. Framfor henne stod 17 spente nye førsteklassingar. Somme heldt eit godt tak i hendene til foreldra sine, andre var dristige nok til  både å stå åleine.

- Eg vil gratulere dokke med første skuledagen, og eg ønskjer dokke hjarteleg velkomne til  Hjørungavåg skule, sa rektoren etter at ho hadde heist flagget til topps i stanga.

Seansen på skuleplassen var kort, men vi rakk å snakke litt med to av førsteklassingane.

Leon Jonsson kunne strålande fortelje at han hadde gledd seg lenge til å byrje på skule. Emil Ferlic Jakomin såg også ut til å gle seg, men han var prega av alvoret, og tok eit godt tak i mor si då vi spurde kva han hadde i ranselen sin.

- Det er mamma som har pakka, svara han og såg ned.

Deretter var det klart for første time. Fremst i flokken som rusla inn i klasserommet var lærar Julianne Skulstad Gryt, som skuleåret 2017/2018 får ansvaret for 17 førsteklassingar.

Hjørungavåg skule får dette skuleåret totalt 97 elevar, ein god auke frå i fjor.

Rektor Cecilie Bjørlykke opplyser at inkludert kontor- og reinhaldarar har skulen 17 tilsette.