- Det var stor ståhei på kaia ved verftet i Stettin då Polarstar gjekk frå kai i dag. Tilsette ved verftet og andre fabrikkar kom for å vinke farvel, og det hadde møtt opp presse både frå radio og TV,  rapporterer reiar Willy Nesset frå Polen.

Polarstar går først ut i elvefar, og frå Stettin til Swinoujice er der los om bord.

Følg med på reisa til Polarstar

Med skipper Johan Veiseth om bord har selfangstskuta no starta på seglasen mot Brandal, der ho skal klappe til kai ved Ishavsmuseet laurdag klokka 14.00.

- No er eg både glad og letta. Alt om bord ser ut til å fungere, og vi har velsigning både frå Riksantikvaren og Veritas, seier Nesset.

Han har ikkje tid til å vere med skuta på reisa heim. Nesset driv skipsverft i Polen og har mykje å henge fingrane i. Han tek derfor fly tilbake, og skal  få med seg boklanseringa av "Polarstar - ishavets Grand Old Lady" ved Ishavsmuseet freag kveld.