- Skal forresten helse frå Johan Veiseth og mannskapet, dei er på Stad rundt midnatt. Alt fungerar bra ombord, så det går bra. Så dei er i rute til kl. 14 i morgon, sa Willy Nesset, mannen som har stått i spissen for opprustinga av Polarstar denne gongen, før han innleia lanseringa av boka om den kjende ishavsskuta.

Fleire hadde tatt turen til Brandal fredag kveld for å få med seg boksleppet av boka med namnet "Polarstar: Ishavets Grand Old Lady". Det var god stemning inne i det kvite teltet som har blitt sett opp for anledninga. Storfeiringa av heimkomsten til den nyrestaurerte stålselfangaren, som skal vare tre dagar til ende.

- Det er kjekt å vere på boklansering og spesielt i dette høve for meg også. For eit par år sidan prata eg og Webjørn Landmark om mogelegheita til å skrive ei bok om skuta, det den har vore og betydd. Og det som har skjedd med skuta dei siste åra, blanda i hop med livet om bord. Oss vart fort samde om at det måtte vi greie å få til, sa Nesset vidare.

I staden for å vere ei oppramsingsbok, har målet med den over 200 sider lange, nylanserte boka vore å samle historiene til dei som har vore ombord og til dei som har eller har hatt eit spesielt forhold til båten.

- Til dette trong vi hjelp, sa Nesset og la til:

- Den første vi ringte var Johannes Alme. Han vart med. Og då hadde vi to mann, og vidare trong vi ein som kunne setje boka saman på ein skikkeleg og fornuftig måte. Og namnet kom på augneblikket - Gunnar Myklebust. Ein gammal Brandøling. Eg sendte han ein e-post og han svarte raskt at det ville vere ei stor ære å få lov til å gjere dugnad saman med oss andre karane. Eg har naturlegvis heldt meg diskret i bakgrunnen, medan desse tre karane har nytta sin kompetanse, sine ferdigheiter og teft for å få til ei skikkeleg bok.

Nesset fortel at det er fleire redaksjonsmøter, fine og konstruktive diskusjonar og mange timar gratisarbeid som ligg til grunn for boka som lanserast i dag.

- No ligg endeleg produktet her. Og det er ei steikjande fin bok. Eg er stolt av boka. Og eg er kry for at desse karane her har hjelpt oss å gjere denne jobben. Boka er etter mi meining ei bok som fortel mykje om skuta og livet ombord, det er ei praktbok, sa Willy Nesset og takka forfattarane for at dei tok til på skriveprosjektet med liv og lyst.

Han takka også riksantikvaren, Eirik Småland, og meinte at opprustinga av skuta ikkje hadde gått vel utan han.

Etterpå gav Nesset ordet til dei tre forfattarane som står bak boka, Gunnar Myklebust, Johannes Alme og Webjørn Landmark. Medan førstnemnde ikkje har noko erfaring frå ishavet, har dei to andre fått fylgje Polarstar til mellom anna Vesterisen og Svalbard.

Forfattarane skildra og fortalde historier både om den tre til fire år lange prosessen som leia fram til boka som ho er i dag, men også ein rask gjennomgang i Polarstar si historie.

- Dette er ei slags minnebok med gode historier frå livet til Polarstar. Nokre av dei historiene er kjende frå før, medan mange er ukjende til no. Og difor vil vi først og fremst takke alle dei som har bidrege, som har stilt opp når vi har spurt og gitt oss litt av sine eigne private minnekammer. Alle er og har vore sterkt og nært prega av forholdet sitt til Polarstar. Nesten påfallande at denne kjærleiken til skuta trenger i gjennom alle dei samtalane vi har hatt. Om båten har rusta etterkvart, har i allefall ikkje kjærleiken til skuta rusta blant dei som fekk denne gåva å få lov til å reise med Polarstar, sa Gunnar Myklebust.

Det vart fortalt historier om Alme sine lange bein i ein altfor kort lugar på Polarstar. Og vidare historier om interessante og gripande samtalar dei har hatt med folk som har vore involvert i skuta. Spesielt trakk dei fram samtalane dei hadde hatt med Harald Marø, den einaste gjenlevande sonen til Kristoffer Marø - mannen som kom med ideen om å byggje skuta i stål.

Seinare på kvelden vart Polarstar-valsen framfort med tekst og tone av sangskrivar Per Arne Brandal, Stein Hjelle og Brandalskoret. Valsen saman med to andre songar utgjer ei CD-plate som har blitt laga i høve heimkomsten av Polarstar.