Den polske ambassadøren er full av lovord om Ytre Søre.

I dag laurdag morgon har han site på i innleigd buss frå Hareid og under turen til Mjølstadneset der Polarstar ligg, var han ofte framme med fotoapperatet.

Polarstar har han hittil berre sett på foto, men han er begeistra over synet og var med på klappesalva då "Star'en" openberra seg ved kaia på Mjølstadneset. Trygt plassert ved sida av redningsskøyta "Idar Ulstein".

Langs kaikanten gjekk Martin Karlsen, ein av dei tidlegare eigarane.

- Eg har klump i halsen. Dette er eit eventyr, seier han og stryk handa på skutesida.

Mor hans, Else Karlsen som snart er 89 år gammal, er heilt samd.

- Dette er ein stor dag. Eg klarer nesten ikkje å seie noko. No er eg veldig spent på å få kome ombord. Eg kjenner kvar krik og krok i skuta. Eg brukte alltid å rydde og vaske før skuta skulle i isen eller på ekspedisjon, seier ho.

Polarstar går frå kai på Mjølstadneset kl 11.45 og skal gå på innsida av Runde, mot Ulsteinvik og Flø og inn Breisundet. Ho er ventande til Brandal kl 14.00.