- Det er fantastisk å sjå Polarstar i dag, den ser ut akkurat slik den gjorde før i tida. Og vi hadde det fantastisk fint på denne båten. Eg likte meg veldig godt, seier Jon Kåre Folkestad og legg til:

- Eg var med som fangstmann første gongen på Jopeter i 1954 og 1955. Men så kom eg med på Polarstar i -56, -57 og -58. Det var artige turar, minnast Jon Kåre Folkestad.

Han var ikkje meir enn 16-17 år då han var med Polarstar på selfangst ved Newfoundland.

- Det var ein gong då i 1956 at vi var mellom Noreg og Kanda at ventilen framme fauk ut og det kom fullt med sjø inn i skuta. Det var jækla stygt vêr. Og han Helge Folkestod tok ein støvel og slo ventilen slik at vi nesten fekk den igjen. For du veit, kvar gong båten gjekk ned så stod spruten inn på dekk. Men så sette eg ei pute mellom og så sorra vi litt tau rundt, slik at vi fekk sikra ventilen. Og då vart ikkje det så gale, seier Folkestad og legg til:

- Men vi hadde ein fantastisk tur i -56. Med full last og alt var berre velstand. Og vidare gjekk alt som normalt resten av tida, det var berre den episoda med ventilen som skapte utfordringar.

Tjente gode pengar

Turen i 1956 utmerkte seg for Folkestad. Han hadde fleire historier på lur som skildra livet ombord på ishavsskuta dette året.

- Elles har eg ei anna historie frå turen i -56. Då heldt båten på å gå ned. Men så skrua han opp, og den kom høgare og høgare. Og så vart det no ei stund då, der vi gjekk på isen og var der. Men så vart det til det at vi gjekk tilbake då når det begynte å bli betre vêr. Men skuta var skrua opp, altså. Men vi kom oss no i frå det også. Og elles hadde vi det veldig kjekt på båten og vi hadde godt forhold til kvarandre. Og vi tjente veldig mykje penge, då.

Omlegginga av skattesystemet i Noreg frå skatt på etterskot til forskotsskatt skjedde i årsskiftet 1955-1956. I følgje Folkestad hadde det store konsekvensar for innkomsten det året.

- Men eg skal sei deg det, i 1956 då var det noko spesielt. For då var det ikkje skatt. Det var slik at ein betalte skatten på forskudd, slik at skatten vart kutta i 1956 og ein betalte på forskudd for 1957. Og vi hadde 10,500 kr netto i 1956. Så vi tjente veldig godt, seier Folkestad.

Han hadde sin siste tur med Polarstar i 1958. Då var han 18-19 år.

Jon Kåre Folkestad, er som namnet tyder på, frå Folkestad. Berre for eit år sidan flytta han tilbake til Folkestad etter å ha budd 29 år i Libya og arbeida som hamnelos, og deretter budd 20 år i Oslo.