- Dagen har vore heilt fantastisk, oppsummerte dagleg leiar Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet laurdag kveld.

Han var om bord i "Polarstar" på innseglinga frå Mjølstadneset i Herøy til Brandal laurdag.

- Eg fekk klump i halsen då eg såg kor mykje folk det stod på kaia. Eg hadde håpa på at det skulle kome om lag 1000 personar, men det kom endå meir, og det gledde meg stort kommenterer han.

Etter helsingstalane om bord på skuta, fekk publikum kome om bord for å sjå korleis ho tek seg ut som nyrestaurert, og både Landmark og reiar Willy Nesset har fått mange lovord om arbeidet som er utført.

- Eg reknar med at det kjem til å kome mykje folk i dag også. Det var nok ein del som tenkte det ville bli enklare både å få parkere og kome seg om bord i skuta søndag, seier Landmark.

Polarstar ligg framleis ved kaia til Aasen Bildemontering, like ved Ishavsmuseet, og skuta er open for publikum også i dag søndag. Og på Ishavsmuseet er det høve til å kjøpe både kaffi og middag.