- Frå riksantikvaren si side er vi opptatt av å sørge for at prosessen med restaureringa er korrekt. Det er forskjell på å reparere ein gammal båt og å drive antikvarisk fartøyvern, seier Småland og legg til:

- Vi har visse prosedyrar. For eksempel så gjer ein ingenting før ein veit korleis båten har sett ut gjennom tidene og korleis den skal ende opp etter restaureringa. I Polarstar sitt tilfelle vart det naturleg å velje utgangspunktet frå 70-talet, før skuta fekk helikopterdekk for eksempel. Vidare er prinsippet at båten i alle delar skal vere slik den var på det tidspunktet. Og då pratar vi ikkje berre om båten i form av skal og innreiing, men vi snakkar også om alle dei tekniske systema som utgjer skipet.

Har det vore ei utfordring?

- Det er det alltid. Og sjølvsagt er det ekstra utfordringar på ei såpass stor og kompleks, samansett skute. Det er fleire offentlege organ i tillegg Riksantikvaren som skal ha eit ord med i laget. Det er mellom anna Sjøfartsdirektoratet, Elektrisitetstilsynet og andre tilsyn som har ulike regelverk. Og så skal vi forsøke å navigere gjennom desse regelverka og finne løysingar som gjer at alle er nokon lunde fornøgde med resultatet, fortel han.

Resultatet vart til slutt noko alle kunne seie seg nøgde med.

Spesielle Polarstar

- Alle båtar er spesielle på sin måte, men Riksantikvaren eller staten tek ikkje initiativ til å ta vare på fartøy. Dei initiativa må kome lokalt. Og når dei er tatt, så er det ofte fordi nokon allereie har vore gjennom ein prosess og funne ut at denne båten er viktig. Den er så viktig at dei i dette tilfellet ikkje ville la den bli spikar, eller forsvinne ut av landet. Då er den vurderinga på mange måtar gjort og det som då står att å finne ut, er om det er såpass stor interesse at ein er i stand til å gjere noko med det. Då er det nødvendig at det lokale initiativet står for ressursar som står i forhold til dei oppgåvene dei vil gi seg i kast med. Og viss det er tilfelle, så kan riksantikvaren gå inn å støtte initiativet både økonomisk og kanskje ikkje minst med råd og hjelp, seier Småland.

Som han sa i sin tale etter at Polarstar hadde klappa til kai i Brandal laurdag: "Når Riksantikvaren får høyre at denne båten er så viktig at den kjem til å bli restaurert enten vi er med eller ei, då veit vi at vi trygt kan investere i fartøyet".

Det lokale engasjementet for Polarstar, denne gongen med Willy Nesset i spissen, har det ikkje mangla på.

- Sjølv om båtane primært opplevast som viktig lokalt, så er det vår oppgåve og sjå på dei meir nasjonale sidene av det heile. Og prinsippet her er det såkalla representative vernet. Det betyr at vi skal bidra til å ta vare på gode eksemplar av dei ulike kategoriane fartøy som har eksistert. Og akkurat for selfangsten og ishavet, så er det relativt spinkelt utval. Då er Polarstar av dei få fartøya som er tekne vare på i frå den tid. Vi har eitt anna fartøy som har vore i selfangsten, og det representerer andre enden av historia, nemlig frå tidlig 1900-talet, då ein dreiv i isen med seglfartøy. Vi har altså eit seglskip som har operert ut frå Tromsø i selfangsten. Og så har vi den moderne selfangsten representert i form av Polarstar. Det er alt vi har, seier Småland til slutt.

Fartøyvernet baserer seg på frivillig innsats og vern gjennom bruk. Det er nok ikkje berre Småland som gler seg til å fylgje med på Polarstar si reise vidare.

Erik Småland og Willy Nesset ombord i Polarstar på turen frå Mjølstadneset til Brandal laurdag. Foto: Anne Gry Eilertsen