– Sjølv om vi er asylsøkjarar, er vi også menneske.

Orda fell då Vikebladet Vestposten møter nokre av 25 gutane som bur på mottaket på Hareid.

Fire gutar frå Afghanistan sit ved kjøkenbordet og har spesielt mykje på hjartet: Yas, Hakim, Dinmo og Mohammad. Dei har vore to år i Noreg. Tre av dei har budd på seks ulike mottak. Mohammad har fått opphaldsløyve, dei tre andre har fått avslag og ventar på ny behandling av søknaden.

– Eg kjenner andre som bur på andre mottak i landet. Hareid er det beste, det må ikkje leggast ned, seier seksten år gamle Hakim.

Han har funne seg godt til rette på Hareidlandet og spelar fotball på Hødd sitt G16-lag.

– UDI har gjort ein feil her, dei må trekkje tilbake vedtaket, seier Mohammad. Han fortel at dei tilsette på mottaket er veldig flinke til både å hjelpe og trøyste.

Ingen av dei fire kan sjå føre seg flytting til andre mottak, det ser dei på som heilt uaktuelt.

Har skrive brev

Etter at dei fekk vite om nedleggingsvedtaket, sette ungdomane på mottaket seg ned og skreiv eit langt brev som dei no har sendt til UDI.

Her er nokre utdrag frå brevet:

«Vi vil ikke flytte, noen av oss har bodd her veldig lenge. Noen gutter ikke ta klær ut av sekken, fordi det er så trøtt av å pakke hele tiden. Vi tror egentlig ikke at UDI, eller de som bestemmer bryr seg noe om oss, fordi de tenker ikke på oss.»

«Det er annerledes på Hareid mottak, enn andre mottak vi har vært på før. Fordi på Hareid vi føler oss som mennesker og som ungdommer. Ansatte bryr seg faktisk veldig mye til oss, også når vi ikke gjør som regle sier.»

«Ansatt har ingen lås på dør her, også vi får lov til å komme til de sånn som i familie. Faktisk, vi er en stor familie på Hareid.»

«Når vi er sint ansatte snakker til oss på rolig måte, og vi blir rolig. Jeg tror ikke UDI vet noe om Hareid mottak, de må få vite at vi har mye plass her.»

«Vi vil veldig mye at ansatte må kjøre oss, men de gjøre bare hvis veldig alvorlige ting. Mottak har bare en bil og egentlig vi forstår, men noen ganger vi bare krangler likevel. Nå skal vi aldri mer krangle med ansatt her, hvis UDI kan ombestemme seg.»

– Kom til Hareid!

I slutten av brevet ber gutane UDI kome til Hareid og diskutere saka. Dei vil at dei som bestemmer skal kome og sjå sjølv kor bra mottaket på Hareid er.

I midten av august budde det vel 8.300 personar på norske asylmottak, det er meir enn 5.000 færre enn ved årsskiftet. Omkring 1.600 av desse, éin av fem, har fått endeleg avslag på asylsøknaden og har utreiseplikt, viser tal frå Utlendingsdirektoratet.

Assisterande regiondirektør i UDI Midt-Noreg, Berit Tyldum, seier det nok er lite aktuelt å besøke mottaket på Hareid.

– Vedtaket er allereie gjort, og vi legg ikkje opp til dialog. Men eg skjønar at dette er trist og leit for bebuarane. Spesielt fordi mange har flytta mange gongar her i Noreg, seier Tyldum.

Ho fortel at ho veit om brevet som er sendt frå gutane, men at ho enno ikkje har rukke å lese det.

UDI har igjen tre mottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar i Midt-Noreg: Volda, Meråker og Levanger.

– I denne siste nedleggingsrunden rauk altså Hareid, som er mellom dei aller beste mottaka. Dei som jobbar der er kjempeflinke, mottaket har eit godt fagleg tilbod og vertskommunen er god, seier Berit Tyldum.

Om tre månader er det slutt på drifta av mottaket på Hareid.