Det er ikkje tvil om at det er i Herøy det har vore størst aktivitet på eigedomsmarknaden i løpet av juli og august. På dei to sommarmånadane er det registrert 51 eigedomstransaksjonar i Herøy, noko som er meir enn i Ulstein og Hareid til saman.

I Ulstein kommune var det nemleg registrert 35 tinglysingar i løpet av dei to månadane, medan talet i Hareid var 15. Sande var på høgde med Hareid i denne perioden, men her var det snakk om fire fritidseigedomar, mot ein i Hareid.

Dei dyraste eigedomane som vart omsett i denne perioden kosta begge over fem millionar kroner. Begge i Ulsteinvik.