Knut Erik Engh har varsla at han likevel er villig til å nytte ei tomt i sentrumstomter til ny brannstasjon.

For eit par veker sidan møtte ordføraren opp på møte i teknisk utval under diskusjonen om kvar ny brannstasjon skal liggje i Ulstein kommune. Han sa då at han ikkje vil bruke tomtene i sentrum til brannstasjon, men til bustader og utvikling sentrum. Men no har han ombestemt seg. Etter å ha sett seg nærare inn i saka vel han å høyre på fagfolka. Stasjonen bør plasserast i sentrum for å få ned utrykkingstida. Det er flest som jobbar og bur i sentrum. Når det brenn tel minutta.

Brannsjef Arne Runar Vik opplyste om at tidskrava til å rykke ut til brannstasjonen er fire minutt på dagtid og seks minutt på natta. Ved å leggje stasjonen i sentrum vil dei ha større område å rekruttere brannfolk frå. Mange jobbar i sentrum.

Det er ikkje tema å ha ein felles brannstasjon med Hareid. Sjølv om kommunane skulle finne på å slå seg saman, må dei ha kvar sin stasjon etter dagens reglar.

Men fleirtalet i formannskapet ønskjer ikkje nytte Skollebakken til brannstasjon, men heller byggje i Holsekerdalen eller Rud-tomta (v. Ulstein Bil).