Godkjende utbygging på Fremste Teigane 2

Hareid kommunestyre godkjende samrøystes detaljregulering for Fremste Teigane 2 på siste kommunestyremøte.

Jeanette Teigene (Framstegspartiet) var ikkje med på handsaming av denne saka, då ho er aksjonær i eit av selskapa knytt til området. Perny Ann Nilsen kom inn i staden for Teigene.

Planane har byggjefelt har vore ute på høyring.

Fylkeskommunen har kome med motsegn til planane. Motsegn var knytt til automatisk freda kulturminne.

- Dei mindre endringane som vart gjrot i planforslaget før avgrensa høyring retta også på mangelfull marknering av kulturminne som vart påpeika av Fylkeskommunen i deira inspel, heiter det i sakspapira til Hareid kommunestyre.

Det står vidare at administrasjonen har ringt Fylkeskommunen for å drøfte motsegna. Det kom då fram at det ikkje ar noko poeng å kome til semje på dette tidspunktet.

- Nok kokegroper

Oskar Grimstad (Framstegspartiet) hevda at det er kartlagt så mange kokegroper og stolerestar i landet vårt, at det er ikkje behov for å bandleggje meir areal til dette føremålet. Han hadde høyrd med statsråden at i 97 prosent av tilfella får ein dispensasjon om ein søkjer.

Han håpte at kommunestyret var samrøystes i denne saka, for å sende eit tydeleg signal til fylkeskommunen.

Til mekling

Hareid kommunestyre vedtok samrøystes at planforslaget for Fremste Teigane 2 skal sendast til mekling hjå Fylkesmannen, med intensjon om at motsegn frå Møre og Romsdal Fylkeskommune skal trekkast. Dersom motsegna ikkje vert trekt ber kommunestyret administrasjonen om å sende planforslaget til departementet for endeleg avgjerd.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: