- Ja, eg har trua enno.

Det seier Hareid-ordførar Anders Riise, som er fjerdekandidat til Stortinget for Møre og Romsdal Høgre, til Vikebladet Vestposten.

Om Høgre får inn tre representantar på Stortinget frå Møre og Romsdal, blir Anders Riise 1. vara til 3. kandidaten. I skrivande stund, like over klokka 22:00, har Høgre 23,7 prosent av stemmene, og er fylkets største parti. Like bak, med 22,8 prosent ligg Framstegspartiet.

- Det ligg an til at vi får inn tre representantar. Det største partiet i fylket får inn tre. Men det står att å sjå. Eg har uansett god tru på dette, seier Anders Riise.

Som vedgår at han er veldig spent.

- Eg kjenner på spenninga no. Framleis står mellom anna dei store valkrinsane i dei store byane i fylket igjen å telle, så mykje kan skje.

Han fortel at Høgre kan bli historiske i Møre og Romsdal om dei klarer å få inn tre representantar.

- Det blir historisk om så skjer. Vi har klart det tidlegare, men det var før mandatfordelinga blei endra, seier Riise.

Spent på Venstre

Mykje kan faktisk stå eller falle i forhold til regjeringskonstellasjonen, om Venste klarer eller ikkje klarer å kome seg over sperregrensa nasjonalt. Dette er Riise også veldig spent på.

- Venstre bør kome seg over sperregrensa nasjonalt, og vi kryssar fingrane for at det skal skje. Elles ser det veldig bra ut for dei blå.

OPPDATERT: Klokka 22:51 hadde Høgre, etter at 83,2 prosent av stemmene var talde opp, 23,9 prosent av stemmene, og var framleis på topp framfor Frp (22,5).