Førebelse tal frå Utdanningsdirektoratet syner at fleire yrkesfagelevar får læreplass. 
            (Foto: Illustrasjon/Arkiv.)

Førebelse tal frå Utdanningsdirektoratet syner at fleire yrkesfagelevar får læreplass. Foto: Illustrasjon/Arkiv.

Fleire yrkesfagelevar får læreplass

Den 1. september har 2.600 fleire elevar fått læreplass enn for fire år sida, viser førebelse tal. Det er ein auke på over 30 prosent.

(NPK): – Dette er gode nyhende. Etter fleire år med satsing på å skaffe fleire læreplassar, er vi glade for at utviklinga no går rett veg og at fleire elevar får høve til å fullføre opplæringa i ei bedrift. Arbeidslivet treng fleire fagarbeidarar i framtida, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Det er Utdanningsdirektoratet som har lagt fram dei førebelse tala. 1. september i år har 10.400 yrkesfagelevar fått læreplass. Det er ein auke på over 30 prosent samanlikna med same tidspunktet i 2013 då 7.781 hadde fått læreplass.

Det er store forskjellar mellom fylka når det gjeld kor mange av søkarane som har fått læreplass. I Hedemark, der flest har fått plass, har 57 prosent av søkarane fått læreplass. I Østfold står færrast utan plass, der har førebels 16 prosent fått læreplass. Framleis ventar mange yrkesfagelevar på å få læreplass innan nyttår. I januar kjem oversikta som viser kor mange som har fått læreplass dette skuleåret.

Tala frå Utdanningsdirektoratet viser også at det er 980 fleire elevar som har søkt om læreplass i år enn i fjor.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: