Lokallagsleiar for Ulstein Høgre, Rune Leine-Dimmen (t.v.) og Ulstein-ordførar og Knut Erik Engh (Frp) var sjølvsagt godt nøgde med valresultatet for sine parti i Ulstein. Begge var blant politikarane som var med på valvaken på Kaffibaren i Ulsteinvik.

Lokallagsleiar for Ulstein Høgre, Rune Leine-Dimmen (t.v.) og Ulstein-ordførar og Knut Erik Engh (Frp) var sjølvsagt godt nøgde med valresultatet for sine parti i Ulstein. Begge var blant politikarane som var med på valvaken på Kaffibaren i Ulsteinvik.

95,1 prosent av stemmene i Ulstein er klare:

Høgre blei valvinnaren i Ulstein

Framstegspartiet hadde best framgong blant partia i Ulstein, men Høgre fekk flest stemmer. - Veldig gledeleg, seier lokallagsleiar Rune Leine-Dimmen.

Dette er tala for Ulstein kommune etter at 95,1 prosent av stemmene er talde (klokka 23:03):

- Vi har gjort eit kjempeval. Det beste valresultatet vårt i Ulstein kommune nokosinne. Det er veldig kjekt, og er eit prov på at folk ser korleis stoda er, og at ein har tiltru til partiet, seier lokallagsleiar Rune Leine-Dimmen.

Det er ikkje det beste valet for Høgre i Ulstein, for det kom under stortingsvalet i 2013, då partiet fekk 33,9 prosent av stemmene.

- Men at vi gjer vårt nest beste val nokosinne skal vi vere svært nøgde med, seier Leine-Dimmen.

Frp med best framgang

Ordførar Knut Erik Engh må konstatere at Framstegspartiet blir nest største parti, men partiet har best framgang.

- Vi går fram 5,5 prosentpoeng, noko vi skal vere veldig nøgde med. Vi gjer i tillegg ein god valkamp i fylket, seier han og legg til:

- I sum er eg strålande nøgd med valkampen. Eg føler at vi har vore veldig synlege, og snakka fram saker som betyr mykje for folk i Ulstein og regionen elles. Næringspolitikk har vist seg å vere viktig å fokusere på. Vi er i dagens situasjon for regionen avhengige av å ha ei regjering som er næringsvenleg. Den bodskapen har gått inn hos innbyggjarane i kommunen, og det gir begge dei største partia eit godt val i Ulstein.

Glad for å vere over sperregrensa

Pål Grødahl i Ulstein Venstre var ikkje heilt nøgd med resultatet lokalt, men var letta over at det ser ut til at Venstre held seg over sperregrensa nasjonalt. I Ulstein hadde partiet etter at 95,1 prosent av stemmene var talde opp 3,7 prosent av stemmene. Nasjonalt hadde partiet etter at 84,9 prosent av stemmene var talde opp, 4,2 prosent av stemmene. (23:51).

- Vi hadde håpa at vi skulle kome litt nærmare det nasjonale resultatet med det lokale. Men, vi er takskame for at vi kjem over sperregrensa nasjonalt. Vi har jobba knallhardt også lokalt for at vi som parti har klart å kome over sperregrensa, seier Grødahl.

Han skulle likevel ønskt at Venstre sin førstekandidat i Møre og Romsdal, fekk ein plass på tinget. Rundt midnatt måndag var målinga for Venstre såpass svak i fylket, at han var ute.

- Vi treng ei stemme inn mot Stortinget, som også har stort fokus på Ulstein og resten av Søre Sunnmøre, seier Grødahl.


Slik ser tala ut for Ulstein etter at 95,1 prosent av stemmene er talde opp:

  • Høgre 31,8 %
  • Framstegspartiet 24,7 %
  • Arbeidarpartiet 16,3 %
  • Kristeleg Folkeparti 9,7 %
  • Senterpartiet 7,1 %
  • Venstre 3,7 %
  • Sosialistisk Venstreparti 3,4 %
  • Miljøpartiet De Grønne 1,6 %
  • Partiet De Kristne 0,8 %
  • Raudt 0,4 %
  • Pensjonistpartiet 0,2 %
  • Alliansen 0,1%
  • Demokratene i Norge 0,1 %
Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: