På landsbasis vert det meldt om god oppslutnad når det gjeld førhandsrøysting, ein trend som også avspeglar seg både i Hareid og Ulstein.

1183 av innbyggarane i Ulstein har førehandsrøysta, noko som utgjer omtrent 25 prosent av dei i alt vel 5600 røysteføre. Ved stortingsvalet i 2013 var talet på førehandsrøyster 1019.

726 av i alt 3561 røysteføre har førehandsrøysta i Hareid, noko som utgjer rundt 20 prosent av dei røysteføre. Ved stortingsvalet for fire år sidan var talet på førehandsrøyster 692.

– Vi håper oppslutninga også vert god på sjølve valdagen, seier valansvarleg i Hareid kommune, Helga Bøe-Grimstad.

Tendensar til kø

I nabokommunen opna vallokala på rådhuset i sentrumskrinsen Ulsteinvik dørene klokka ni i dag. Då hadde det allereie samla seg ein liten flokk ivrige veljarar som var klare til å avgi sine stemmer til årets Stortingsval.

Utover formiddagen har ei jamn stròd med røysteføre funne vegen til rådhuset og stemmelokala i kommunestyresalen.

– Det kjem ein del på formiddagen, så roar det seg litt. Når folk er ferdig på jobb vert det ein ny topp. Det vert ein liten pause, men når folk har fått i seg middagen kjem det ei ny bølgje som skal stemme, fortel Knut Johan Rønningen som er leiar i røystestyret for Ulsteinvik krins.

Han har vore valfunksjonær i godt over tjue år og kjenner godt til detaljane rundt gjennomføringa av både kommuneval og stortingsval.

Dei andre krinsane i Ulstein, Flø, Ulstein, Hasund Dimna, Haddal og Eiksund, opnar lokala klokka 14.00 og held ope til klokka 19.00 I Ulsteinvik stengjer vallokala klokka 20.00.

Vallokala på Hareid rådhus opna klokka 10.00 i dag og held ope til klokka 21.00. Vallokala i tre andre valkrinsane, Bigset, Brandal og Hjørungavåg, held ope frå klokka 13.00 til klokka 19.00.

Sverre Sylte (80) frå Ulsteinvik har trufast utfør borgarplikta i alle år og fortel at han aldri har skofta eit einaste val.