Dei tre mennene vart sett i varetekt første gong 21. juli i år, sikta for å ha valdteke ei kvinne under ein fjelltur på Søre Sunnmøre.

Varetektsfengslinga vart så forlenga i august, før dei tre igjen fekk fengslinga vurdert i tingretten tysdag.

- Klienten min nektar framleis straffskuld, seier Håkon Sætre Rasmussen, som representerer ein av dei sikta.

- Heller ikkje min klient vedgår straffskuld, fortel Mats Sakse Opshaug, som også forsvarer ein av mennene.

Dei tre fengslingsmøta var spreidde utover heile tysdagen, og dommar Nils E. Engeset stadfestar at alle tre vert vidare varetektsfengsla.

I ulike fengsel

Etter det Vikebladet Vestposten kjenner til sit dei tre sikta i varetekt i tre ulike fengsel, for å hindre at dei har kontakt med kvarandre.

Avgjerda frå Sunnmøre tingrett inneber at dei framleis har brev- og besøksforbod, noko som tyder på at politiet er redd dei sikta skal øydelegge bevis eller påverke kvarandre eller vitne.

I Søre Sunnmøre tingrett

Dei tre risikerer lange fengselsstraffar dersom dei vert domfelt.

Vikebladet Vestposten kjenner til at Søre Sunnmøre tingrett allereie har sett av tid til ei eventuell rettssak frå 15. til 19. januar neste år.