(NPK-NTB): – Vi visste det ville bli ei tøff oppgåve, og det blei det. Det blei jamt, sa Støre då han omsider kom på scena i Folkets Hus.

– Vår side har styrkt seg, men slik det ser ut np, heldt det akkurat ikkje, sa Støre til sine partifellar på valvaken, mens stemmer framleis blei talt.

Partileiaren sa at dei no skal lære, evaluere, analysere og forstå det som har skjedd, komme tilbake og sette dagsorden i dette landet.

– Vi skal lære alt det er å lære av dette valet.

Ønskte Erna lukke til

Støre fekk støtte av partifellane på vaken, og var tydeleg røyrd. Etter å ha takka eige parti, gratulerte han statsminister Erna Solberg og takka for tøffe fighter i valkampen, og seier han har stor respekt for henne som politikar.

– Eg ønsker henne lukke til vidare, sa Støre.

Støre svarer slik på spørsmålet om han held fram som leiar:

– Ja, fordi Ap har valt meg og står bak meg, og det ansvaret tar eg.

Solberg takka for tilliten

Høgre har fått støtte til fire nye år, takka vere at partiet har levert resultat, seier statsminister Erna Solberg.

– Når vi har fått støtte til fire nye år, så er det fordi vi har levert resultat. Vi har levert på det vi lova, seier Solberg i ein takketale på valvaken til Høgre.

– Det ser ut som det blir eit tydeleg ikkje-sosialistisk fleirtal i dette valet, seier ho vidare.