–Dette er kanskje det mest spennande som skjer i NAV i Møre og Romsdal: å etablere eit felles kontor her, seier Anders Hammer.

1. september tok han over som leiar for både NAV Ulstein og NAV Hareid. Hammer er tilsett i den statlege delen av NAV, i arbeids- og velferdsetaten.

Foreslår Hareid

Tanken om eitt NAV-kontor er ikkje ny for dei to kommunane. Ordførar i Hareid, Anders Riise, viser til at det i kommunereformarbeidet vart avdekt at det gjekk an å samarbeide om NAV.

– Tanken er at vi bør samarbeide der vi kan, og at større fagmiljø vil gje betre tilbod for brukarane, seier Riise.

Sidan i vår har ordførarane og rådmennene i Hareid og Ulstein diskutert ei samlokalisering. Også dei to tidlegare, no pensjonerte, NAV-leiarane, Anne Karin Urke og Ingunn Riise, har vore med i diskusjonen. Konklusjonen er at Hareid bør vere vertskommunen for eit nytt, felles NAV-kontor. Og ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh, har vore ein talsmann for å legge kontoret til Hareid for å fordele arbeidsplassar mellom kommunesentera.

– Det eit uttrykk for at vi ønskjer å samarbeide tettare med Hareid, og at vi gjennom denne løysinga kan bidra til at Hareid får realisert det nye Helsehuset. Skal vi få til noko i fellesskap, må begge kommunar både gje og ta litt, seier Engh.

Også dei til saman atten tilsette på kontora har fått sagt sitt i prosessen, ifølgje Engh.

Inn i det nye helsehuset

Rådmennene i dei to kommunane skal no førebu sak til politisk behandling. Etter planen skal samanslåing av dei to NAV-kontora diskuterast i formannskap og kommunestyre i oktober.

Viss rådmennene og ordførarane får med seg politikarane, skal det nye NAV-kontoret få plass i det planlagde Helsehuset på Hareid.

– Eg håper politikarane i Ulstein ser at eit tett samarbeid vil gje betre tenester for innbyggarane, seier Anders Riise. Han viser til at Hareid og Ulstein for ikkje så lenge sidan skreiv under samarbeid om brannvern, der Ulstein skal vere vertskommune.

Ordførar Knut Erik Engh trur det fort kan verte politisk diskusjon rundt plasseringa av NAV-kontoret.

– Ja, det reknar eg med. Men eg trur dei folkevalde kjem til å sjå med storsinn på dette, og forstå at eit felles kontor med felles leiar er til det beste for brukarane, seier Engh. Han legg til at det er dei største kontora som vil få flest oppgåver og yte best service.

Fleire kommunar?

Hareid og Ulstein har den høgaste arbeidsløysa av alle kommunane i Møre og Romsdal, og ved utgangen av august var til saman 430 personar på Hareidlandet heilt utan arbeid.

NAV-leiar Anders Hammer er inntil vidare leiar for både Ulstein og Hareid. Han ivrar for å slå saman kontora og vil gjerne ha med endå fleire kommunar.

– Vi ønskjer større einingar, det står eit samla Storting bak. I første omgang er det kanskje naturleg å tenkje at Sande vert invitert inn, seier Hammer.

Etter planen skal kommunestyra i både Hareid og Ulstein behandla saka 26.oktober.