Det var Framstegspartiet som fekk den største framgangen i Ulstein kommune under Stortingsvalet 2017 med ein oppgang på heile 5,5 prosentpoeng, frå 19,2 i 2013 til 24,7 i 2017. Elles gjekk også Senterpartiet fram 3 prosentpoeng i Ulstein, medan SV, Miljøpartiet De Grønne og Raudt også styrka seg noko.

Den største taparen i Ulstein kommune var Kristeleg Folkeparti. Partiet landa på 9,6 prosent, noko som er langt over landssnittet, men gjekk ned 4,2 prosentpoeng i Ulstein samanlikna med 2013. Arbeidarpartiet var partiet som gjekk nest-mest tilbake i Ulstein med 2,3 prosentpoeng, medan Høgre fulgte tett på med 2,1 prosentpoeng mindre enn i 2013.

Totalt sett er det Høgre som får flest stemmer i Ulstein kommune, sjølv om partiet går tilbake frå sist val. Det ser ein også ute i krinsane, der Høgre er største parti i tre av sju krinsar og klart største parti i Ulsteinvik, som er største krinsen i kommunen. Samstundes er Framstegspartiet størst både i Eiksund, Haddal og på Ulstein. I tillegg er det Frp som får flest stemmer av dei som har stemt på førehand. Det er same resultat som i Hareid kommune, men i Ulstein er det klart tettare mellom Frp på første og Høgre på andreplass av dei som stemte før valdagen.

Flø er den krinsen som skiller seg mest ut i Ulstein kommune. Her er Senterpartiet den klare valvinnaren med 33,3 prosent av stemmene. SP er større enn både Høgre og Frp til saman i denne krinsen.

Ved Stortingsvalet i 2013 var det 80,4 prosent av dei som kunne stemme som valte å bruke retten sin. I 2017 er dette talet nede i 78,4. Så sjølv om det var 400 fleire som kunne stemme ved årets val enn i 2013, var det 16 færre som valte å gjere det i Ulstein kommune.