Loppemarknad Magnhild Ertesvåg (t.v.) og Ingebjørg Eidheim Ulstein held her nokre av dei mange tinga ein kan sikre seg på loppemarknad på Logesenteret i Myrvåg førstkomande laurdag. Inntektene går uavkorta til den norske Odd Fellow Ordenen sin landsaksjon om bygging av ei ny redningsskøyte i Idar Ulstein-klassen.
            (Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.)

Loppemarknad Magnhild Ertesvåg (t.v.) og Ingebjørg Eidheim Ulstein held her nokre av dei mange tinga ein kan sikre seg på loppemarknad på Logesenteret i Myrvåg førstkomande laurdag. Inntektene går uavkorta til den norske Odd Fellow Ordenen sin landsaksjon om bygging av ei ny redningsskøyte i Idar Ulstein-klassen.Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Loge Syn:

Sel lopper for ny redningsskøyte

Dei 60 damene i Loge Syn i Myrvåg arrangerer loppemarknad til inntekt for ny redningsskøyte i Idar Ulstein-klassen.

– Dette er ein landsaksjon i regi av Odd Fellow sentralt, der dei ulike losjane samlar inn pengar som skal gå til bygging av ei ny og flott redningsskøyte.

Loppemarknad

Ingebjørg Eidheim Ulstein, Grete Eiksund og Magnhild Ertesvåg er tre av kring 60 damer i ulike aldrar, som er del av søsterlosjen Loge Syn, ein av mange Rebekka-losjar i den norske Odd Fellow Ordenen. Førstkomande laurdag arrangerer Loge Syn loppemarknad på Logesenteret i Myrvåg, til inntekt for ny redningsskøyte.

– Odd Fellow har sett seg som mål å samle inn 25 millionar kroner over ein treårsperiode, frå 2016 til 2019. Båten som skal byggast skal vere av Idar Ulstein-klassen. Den fyrste båten i denne klassen er RS «Idar Ulstein», som har base i Fosnavåg, fortel dei tre. Båten vil få namnet Odd Fellow III.

– Viktig arbeid

Odd Fellow har tidlegare donert to redningsskøyter, Odd Fellow I og Odd Fellow II.

– Desse donerte vi på 1960- og 70-talet, og er no utdaterte og skal ut av drift. Difor var det på sin plass at vi får bygd ei flunkande ny redningsskøyte, seier Ingebjørg Eidheim Ulstein.

– Det var fleire forslag kring kva denne landsaksjonen skulle gå til. For oss som bur her ute langs kysten, og som veit veldig godt kor viktige redningsskøytene er, var det ikkje nokon tvil om kva vi ville. Redningsskøytene er viktige. Dei har redda mange liv, som elles ville gått tapt. Alt ifrå fritidsfiskarar til alle andre som ferdast på sjøen, treng denne tryggleiken, seier Grete Eiksund og Magnhild Ertesvåg.

Det har ikkje blitt bestemt kor redningsskøyta eventuelt skal stasjonerast.

Lopper for ein kvar smak

Dei tre fortel at det blir mange flotte lopper å finne på laurdagens loppemarknad.

– Alle som ønskjer å finne seg flotte handarbeid, småmøblar, kjøkkenting, smykke, skjerf og mykje anna er hjarteleg velkomne. Vi jobbar for å støtte og hjelpe dei som treng det, på alle nivå, og håper det er mange som ønskjer å vere med og støtte vårt arbeid, seier dei tre til slutt.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: