Jeanette Teigene i Framstegspartiet kunne vere godt nøgd med resultata etter Stortingsvalet. Frp var størst i alle unntatt ein krins i Hareid. 
            (Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll)

Jeanette Teigene i Framstegspartiet kunne vere godt nøgd med resultata etter Stortingsvalet. Frp var størst i alle unntatt ein krins i Hareid. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Stortingsvalet:

Slik stemte krinsane i Hareid

Framstegspartiet gjorde det skarpt blant dei som stemte på førehand.

Framstegspartiet vart den store vinnaren under Stortingsvalet i Hareid kommune. Med 31,8 prosent av stemmene gjekk partiet fram 4,1 prosentpoeng frå sist Stortingsval. I denne saka har vi sett nærare på korleis stemmene fordelte seg i Hareid kommune og på kva parti som var størst i kvar krins. Senterpartiet hadde den nest-største framgangen frå 2013, opp med 3,8 prosentpoeng. Kristeleg Folkeparti gjekk mest tilbake i Hareid, ned 3,3.



Framstegspartiet var faktisk størst i alle krinsane med unntak av Brandal. Der var det Høgre som fekk størsteparten av stemmene. Samstundes var det 669 som førehandsstemte i Hareid, og desse blir ikkje registrerte med krins. I denne gruppa gjorde Frp eit brakval, og stakk av med heile 36,3 prosent av stemmene. I grafikken under kan du velje dei ulike krinsane og sjå korleis partia gjorde det rundt om i Hareid kommune.



Frammøteprosenten ved årets val gjekk noko ned i Hareid, frå 78,6 i 2013 til 76,6 i 2017.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: