Arnhild Warholm, Mari Ann Vattøy og Kersti Hasund oppmodar innbyggjarane i Ulstein og Hareid om å ta vel imot bøssebærarane neste veke. (arkivfoto)
            (Foto: Anne Gry Eilertsen)

Arnhild Warholm, Mari Ann Vattøy og Kersti Hasund oppmodar innbyggjarane i Ulstein og Hareid om å ta vel imot bøssebærarane neste veke. (arkivfoto)Foto: Anne Gry Eilertsen

Demensaksjonen 2017

Treng framleis bøssebærarar

Neste veke er det Demensaksjon, 18. til 24. september. Årets aksjon har fått namnet: "Saman mot Alzheimer og demens".

Av pengane som blir samla inn går 70 prosent til forsking og 30 prosent tilbake til dei ulike kommunane. Desse kronene går til trivselstiltak for personar med demens.  

Både i Hareid og i Ulstein har dei fått undomsskuleklasser til å gå med bøsser. - Ta vel imot dei, oppmodar Mari Ann Vattøy.

Men dei vil nok også i år ha roder som er ledige. Om nokon ønskjer å gå kan dei ta kontakt med Mari Ann Vattøy (Ulstein) og Arnhild Warholm (Hareid). Ein kan gå med bøsser heile veka.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: