Litt før klokka halv eitt på tysdagsnatta blei den nye Mørebenken presentert på NRK Møre og Romsdal si direktesending frå valvaken i Ålesund. Der stod dei tre stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal Høgre klare, ein rutinert og to nye. For saman med den rutinerte 1. kandidaten Helge Orten stilte Marianne Synnes og Vetle Wang Solheim seg opp, høvesvis 2. og 3. kandidat. Begge er no inne på Stortinget for fyrste gang. Og nettopp det at Wang Solheim kjem inn på Stortinget på Høgre sitt tredje mandat, er svært positivt for Hareid-ordførar og 4. kandidat Anders Riise. For han blir 1. vara for alle dei tre faste på Stortinget, og får høgst truleg fleire turar til hovudstaden i løpet av dei neste fire åra.

– Dette er verkeleg ein «høydare» for meg. Eg vil nytte høvet til å takke alle lokalforeiningane og tillitsmannsapparatet på Søre Sunnmøre for arbeidet dei har gjort i denne valkampen. Eg skal betale tilbake med stort engasjement for heile fylket sa Riise til Vikebladet Vestposten tysdagsnatta.

– Noko eg har jobba for

Lokalavisa møter Riise tilbake på Hareid igjen onsdag morgon, og han har fått tenkt litt gjennom kva han no faktisk får vere med på.

– Det er først og fremst ei stor ære, og det er noko eg har jobba for gjennom fleire år, seier Anders Riise.

Han fortel at han ser fram til å møte på Stortinget fyrste gong, og at han ser spent og audmjukt på oppgåva.

– Som vara får ein ikkje påverke prosessane på Stortinget jamt, men ein får derimot skape seg eit nettverk, som både er bra for meg som politikar, men også for innbyggjarane i Møre og Romsdal. No har eg vore nokre år i politikken, og eg ser at kontakta inn mot Stortinget har hjelpt i mange viktige saker, seier Riise.

Som også fortel at han tidlegare har besøkt Framstegsparti-politikar Oskar Grimstad då han var på Stortinget, og at han nok kjem til å rådføre seg både med han og Gunn Berit Gjerde.

– Det var stang inn for Høgre å få inn tre mandat frå Møre og Romsdal, og eg gler meg veldig til dette, seier Riise.

– Det er faktisk ikkje meir enn to-tre veker sidan vi såg ut til å ha ute andremandatet vårt. Så dette har snudd kraftig for oss, og det er vi sjølvsagt veldig nøgde med.

Samferdsel blir viktig

Riise er klar på at han ved å møte på Stortinget vil tale heile fylket si sak, men for sin eigen region sin del, vil samferdsel vere det viktigaste temaet.

– Ferjefri E39, mellom anna Hafast, er viktig å få gjennomført. Dette er ei særs viktig oppgåve vi har tatt på oss, og er noko som vil vere essensielt både for næringslivet og folk flest på Søre Sunnmøre, seier Riise.

Også formuesskatten blir viktig å kjempe for å få endra på, seier Riise.

– Vi ser at det for familieeigde selskap i regionen vår meiner det er viktig å kjempe for å få vekk formuesskatten. Vi må finne andre ordningar, for no er det ei urettferdig ordning som gjer det fordelaktig for utanlandske investorar.

Mange gratulasjonar

Anders Riise er overvelda over dei mange gratulasjonane han har fått sidan det blei klart at han blir 1. vara til Stortinget.

– Eg må berre takke for mange fine ord. Eg har eit viktig verv som ordførar, og dette blir sjølvsagt ein bonus for meg, ein meirverdi. Eg skal tale fylket, regionen og Hareid si sak, og gjere mitt beste, seier Anders Riise til slutt.