SAS innstiller 100 avgangar på grunn av mogleg streik.

– På grunn av ei eventuell opptrapping av streiken har SAS teke forholdsreglar og kansellert ca. 100 flygingar i morgon fram til klokka 14, torsdag 14. september, opplyser selskapet på nettsidene sine.

To avgangar knytt til Vigra

Sunnmørsposten meiner det skal vere snakk om éit fly til og éit fly frå Ålesund lufthamn, Vigra. Dette skal gjelde flyet som skal ha kome klokka 08.35 frå Oslo, og flyet som etter planen er sett opp til å gå frå Vigra til Oslo klokka 09.00.