– Eg har fått inn melding om at det er skote i alt 83 dyr sidan jakta starta 1. september, opplyser Otto Holstad. Han er jaktoppsynsmann og fører statistikk over felling av hjort i Hareid. Holstad fortel at dette er 25 fleire dyr enn på same tid i fjor.

I Ulstein er det Søre Sunnmøre Landbruksskontor som fører statistikken og landbrukssjef Anne Kathrine Løberg kan fortelje at dei har registrert 42 felte dyr for perioden 1. til 9. september. Dette er tre dyr meir enn for same periode i fjor.

Ifølgje Hjorteviltregisteret vart det under hjortejakta i Hareid felt 154 dyr i fjor. Kvoten var på i alt 173 dyr, noko som gir ein fellingsprosent på 89. For Ulstein sin del vart det felt 95 dyr i fjor av ei kvote på 131. Dette gir ein fellingsprosent på 73. For hjortejakta i år, som strekkjer seg frå 1. september til 23. desember, er det tildelt kvotar på i alt 186 dyr i Hareid og 137 dyr i Ulstein.