Komande torsdag får Herøy for første gong besøk av Kong Harald i offisielt ærend. Han skal stå for den offisielle opninga av verdas første bølgekraftverk som leverer kraft til straumnettet, står det å lese i ei pressemelding.

5. klassing skal opne saman med Kongen

Før folkefesten har det vore halde teiknekonkurranse mellom 5. klassingar i heile regionen, går det fram av pressemeldinga. Utfordringa femteklassingane fekk var å teikne framtidas bølgekraftverk. Vinnaren får ikkje berre 10.000 kroner som skal delast med klassen sin, men får også æra av å opne bølgekraftverket saman med Kong Harald. Kven vinnaren er, vert ikkje offentleg før på opningsdagen.

Variert program

Publikum får høyre det lokale rockebandet «Sjøverk», det blir unge solistar og instrumentalistar i tillegg til Einedalen skulekor med rundt 100 barn og Herøyspelkoret som skal synge Herøy sin lokale «nasjonalsong» Herøy havland. Heile festen avsluttar med ein spenstig danse-finale.

- Ein festdag

Fungerande ordførar i Herøy, Camilla Storøy, gler seg over det ho meiner vil bli ein festdag og merkedag i kommunen si historie.

- Dette er ein festdag både for Kongen og for nye moglegheiter i ei ny næring. Vi oppmodar alle om å heise flagget heime og så ta med flagg og kome til Vågsplassen og ta i mot Kong Harald på ein god måte, seier Storøy.

Båttur og folkefest

Gjestar av Waves4Power i tillegg til ulike aktørar innan miljø og energi er inviterte med på båttur. Først for å sjå bøya ved Runde før turen går vidare til Vanylven og Fiskåholmen, anlegget der Stryvo skal produsere nye bøyer. Tilbake i Fosnavåg får Kong Harald presentasjonar av Waves4Power, Stryvo, Runde Miljøsenter og Olympic Shipping si satsing på fornybar energi. Til slutt er det eit kort besøk på Fosnavaag Ocean Academy før Kongen kjem til folkefesten på Vågsplassen.

Fungerande ordførar i Herøy, Camilla Storøy, og marknadssjef i Waves4Power, Jonas Kamf står her på Vågsplassen, der folkefesten skal vere. Ute i horisonten ligg bølgekraftbøya. Foto: Torill Myren/Ekkoloddet.