Legar med barneblikk: Frå venstre: brukarrepresentant Emthe Volstad O'Neill, kommuneoverlege Inger-Lise Kaldhol og helsestasjonslege Birgitte Øvrelid.
FOTO: Mette Grytten, Helse Møre og Romsdal
(Foto: Helse Møre og Romsdal)

Legar med barneblikk: Frå venstre: brukarrepresentant Emthe Volstad O'Neill, kommuneoverlege Inger-Lise Kaldhol og helsestasjonslege Birgitte Øvrelid. FOTO: Mette Grytten, Helse Møre og Romsdal Foto: Helse Møre og Romsdal

Ulstein-legar med i prosjekt om barn:

Vil ha betre samarbeid

Prosjektet har fått namnet Legar med barneblikk. Både kommuneoverlege i Hareid og Ulstein, Inger-Lise Kaldhol, og helsestasjonslege i Ulstein, Birgitte Øvrelid, er med.

Saman med brukarrepresentant Emthe Vollstad O'Neill frå Sykkylven, skal Kaldhol og Øvrelid snakke med fastlegane på Søre Sunnmøre og i Ålesund.

Tema: korleis betre samarbeidet om born i familiar der nokon har rusproblem og psykiske vanskar?

– Vondt å tenkje på

Inger-Lise Kaldhol seier til nettsida til Helse Møre og Romsdal at ho synest det er vondt å tenkje på at born ikkje vert fanga opp når foreldra slit med rus eller psykiske vanskar.

Ifølgje Helse Møre og Romsdal er det mange tenester innan rus og psykiatri som ønskjer å ha eit tettare samarbeid med fastlegane.

Målet med prosjektet er difor å få oversikt over og meir samarbeid mellom dei ulike tenestene, og eit lokalt tilbod der det er lett å sleppe til.

– Må tore å snakke

Dei tre i prosjektet meiner det er viktig at legane torer å snakke med foreldra om situasjonen til borna. I tillegg er det viktig å stille dei rette spørsmåla.

Helseføretaket viser til ei doktoravhandling, som fann at fastlegane med fordel kan verte modigare i møte med born som dei veit er pårørande.

Kan verte utvida

I første omgang er det altså fastlegane på Søre Sunnmøre og i Ålesund som vert kontakta av prosjektet.

Dersom tida strekk til, kan det verte utvida til også Molde og Kristiansund.

Legar med barneblikk er finansiert av innovasjonspengar frå Fylkesmannen. Det var Ålesund kommunen som saman med Barneblikk-satsinga søkte om og fekk tildelt pengar. Prosjektet skal gjennomførast hausten 2017 og evaluerast i desember

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Det er vondt å tenkje på at born ikkje vert fanga opp når foreldra slit med rus eller psykiske vanskar