Det opplyser styreleiar Anders Almestad i ei pressemelding som Rimfrost har sendt ut.

Selskapet med base i Fosnavåg sit med den eine av dei fire lisensane som til no er tildelt på krill. Dei tre andre er det Aker BioMarine som har, og styreleiar Anders Almestad er positiv til at det er planar om å auke talet på lisensar.

- Rimfrost er opptekne av innovasjon og at krillressursen blir utnytta på best muleg måte. Dt kan best sikrat gjennom fleire aktørar, uttaler Almestad.

Rimfrost fekk for kort tid sidan forlenga lisensen til 2020, og er i gang med planlegging og design for bygging av ny båt for fangst og foredling av krill.

Salet av krill har teke seg betydeleg opp etter at det kom ei lløysing på ITC-saka i USA. Selskapet er gjeldfritt, har god økonomi og soliditet til å investere i framtida.

Ole Arne Eiksund frå Ulsteinvik vart for vel eit år sidan tilsett som sals- og marknadsdirektør i Rimfrost AS.