Førstkomande måndag startar Ulstein Entreprenør AS opparbeiding av kryss i Vikemyra mellom Blåhuset og Arena Ulstein.

Første del av arbeidet er utanfor vegareal, og påverkar ikkje trafikken i gata, melder Odd Kåre Wiik ved teknisk etat.

- Tilkomsten til Blåhuset på oppsida vert ikkje direkte råka, og gåande vert sikra mot anlegget med sperregjerder. Det vert mogleg med varetransport til bygget som før. Når anlegget utanom veg vert ferdig må vi sperre gata ein periode for graving av grøfter og opparbeiding av heva kryss og breie gangfelt. Vi kjem tilbake med eiga melding når dette arbeidet startar, seier Wiik.

Det vert relativt hektisk med anleggsarbeid i dette krysset eit par månader framover, fortel Wiik.

- Vi tek sikte på å avvikle trafikk mest mogleg uforstyrra, men noko sperring og omkøyring må vi gjennomføre,.