Mattilsynet sende fredag ettermiddag ut ei tekstmelding til bebuarar i Herøy kommune og nabokommunen Sande, då det er oppdaga pærebrann. Den alvorlege platesjukdommen kjem av bakterien Erwinia amylovora og angriper pære- og epletred og ei rekkje andre plantar i rosefamilien.
Eigar eller brukar av eigedom har plikt til straks å melde frå til Mattilsynet om kjennskap til, eller mistanke om, angrep av pærebrann.
Verksemder som importerer, produserer og/eller omset vertplantar for pærebrann har sjølve eit ansvar for å følgje regelverket.
I tekstmeldinga sendt ut frå Mattilsynet, står det at grunneigarar som blir involvert, vil få meir informasjon. Frå førstkomande måndag av vil tiltak bli sett i verk.
Les meir om plantesjukdommen på Mattilsynet.no.
Angrep av pærebrann kan vise seg ved:
Skot og blomster som visnar raskt.
Blad og blomster på skot som har visna, blir hengjande på planta lenge.
Unge skottoppar blir bøgde som ein krok (liknar ein bispestav).
På barken kan det, spesielt i regnvêr eller ved doggfall, oppstå små, grå og slimaktige dråpar, som inneheld store mengdar av den sjukdomsframkallande bakterien.
Barklaget under den tynne, ytre korkbarken blir mørk grøn til brunaktig, litt fuktig og har ikkje skarp grense mot frisk bark.
Kjelde: Mattilsynet.no