Mattilsynet sende fredag ettermiddag ut ei tekstmelding til bebuarar i Herøy kommune og nabokommunen Sande, då det er oppdaga pærebrann. Den alvorlege platesjukdommen kjem av bakterien Erwinia amylovora og angriper pære- og epletred og ei rekkje andre plantar i rosefamilien.

Eigar eller brukar av eigedom har plikt til straks å melde frå til Mattilsynet om kjennskap til, eller mistanke om, angrep av pærebrann.

Verksemder som importerer, produserer og/eller omset vertplantar for pærebrann har sjølve eit ansvar for å følgje regelverket.

I tekstmeldinga sendt ut frå Mattilsynet, står det at grunneigarar som blir involvert, vil få meir informasjon. Frå førstkomande måndag av vil tiltak bli sett i verk.

Les meir om plantesjukdommen på Mattilsynet.no.

Angrep av pærebrann kan vise seg ved:

  • Skot og blomster som visnar raskt.

  • Blad og blomster på skot som har visna, blir hengjande på planta lenge.

  • Unge skottoppar blir bøgde som ein krok (liknar ein bispestav).

  • På barken kan det, spesielt i regnvêr eller ved doggfall, oppstå små, grå og slimaktige dråpar, som inneheld store mengdar av den sjukdomsframkallande bakterien.

  • Barklaget under den tynne, ytre korkbarken blir mørk grøn til brunaktig, litt fuktig og har ikkje skarp grense mot frisk bark.

Kjelde: Mattilsynet.no