10 månader gamle Tirill Sætre er no den stolte eigar av ein potet på heile 835 gram. Rett nok må det seiast at det ikkje var ho som tok opp monsterpoteta, men bestefar Magnar Hovden hadde sett ei eiga potetfòr til barnebarnet, og det var i denne han fann giganten på sjølvaste valdagen 11. september.

Magnar bur på Hovden i Snipsøyrdalen og veksttilhøva i området må vere gode. I fjor var det nemleg grannen hans, Harald Røyset, som gjekk heilt til topps i lokalavisa sin svært uformelle konkurranse om største potet.

– Det var nesten så eg kvapp då ho kom opp av jorda, uttalte Harald til Vikebladet Vestposten då han fekk den 710 gram store asterix-poteta opp av åkeren i september i fjor.

Røyset vart berre slått av den legendariske «Klokkar-poteta» på 1195 gram som klokkaren i Ulstein, Inge Kaldhol, fann i åkeren til dottera og svigersonen på Randaberg i Rogaland. Klokkarpoteta vart elles mest som ein kjendis, sidan ho i tillegg til å verte avbilda i lokalavisa også vart synt fram under ei gudsteneste i Ulstein kyrkje like etter. Men av lokalt dyrka poteter var det fram til 11. september 2017 Harald Røyset som hadde rekorden.

Dersom nokon skulle ha kome over poteter som er endå større enn poteta til Tirill er det berre å ta kontakt med lokalavisa.