– Dette var ein sjanse eg ikkje kunne seie nei til. Det er ei stor ære for meg å få ta over etter ei så dyktig dame som Dagny, seier Viktora Sandvik.

24-åringen har jobba for Dagny i sju år, og har hatt lærlingtida si i butikken. Her tok ho også fagbrev. Dagny på si side har drive blomstebutikk i Ulsteinvik og tidlegare også på Hareid gjennom mange år. No tek altså Viktoria Sandvik over butikken, medan Dagny skal halde fram med å drive gravferdsbyrået. Men samarbeidet blir framleis tett, sjølv om det no blir to sjølvstendige selskap.

– Heilt klart, vi er eit godt team, og gjer kvarandre sterke, seier dei to.

Med eigar- og drivarbytet blir det også ei namneendring, frå Bellis Blomster og Byrå AS, til Bellis Blomster Ulsteinvik AS, fortel Sandvik.

Kjempeklar for å ta over

Dagny Vartdal har drive butikk og gravferdsbyrå på Hareid i over tjue år, og for sju år sidan starta ho butikken i Ulsteinvik.

– Eg har på same tid fått fire born, og hatt eit aktivt liv. Eg har slite ein del med betennelse i skuldrane, som ikkje vil bli bra igjen, så eg klarte ikkje å følgje opp butikkane på ein god nok måte. Eg la ned butikken på Hareid for snart to år sidan, og så har eg vore delvis sjukmeld frå stillinga som butikkleiar her i Ulsteinvik. Difor bestemte eg meg for å spørje Viktoria om ho ville ta over. Ho var kjempeklar for det. Ho brenn for faget, og butikken blir tatt godt vare på vidare, det er eg hundre prosent sikker på, seier Dagny og smiler.

– Ja, det kan eg skrive under på. Eg ser veldig fram til dette, seier Viktoria Sandvik.

Ho har som sagt jobba for Dagny heilt sidan butikken i Ulsteinvik blei opna.

– Kundane vil ikkje merke noko av dette. Det er Viktoria dei har vore vande med å møte, og det er ho dei framleis får møte, seier Dagny Vartdal.

– Det blir nok ein del jobb, men det er eg førebudd på. Eg har sett og lært mykje av Dagny, og det har vore godt å ha ho. Heldigvis skal vi samarbeide framleis, og eg har god støtte i ho, seier Viktoria Sandvik.

Ho fortel at butikken blir stengd frå og med måndag til og med onsdag i komande veke, før det blir nyopning torsdagen.