– Her var det mykje som ikkje skal vere her. Sjå alt søppelet då! sa Solveig Brevik til lokalavisa.

Ho og fleire titals andre unge handballspelarar frå Hødd sine jente- og gutelag var onsdag i aksjon med å samle inn søppel frå Osnessanden til og med Roppesanden.

– Gjennom Krafttaket blir det oppmoda om at ein skal gjere noko bra for nærmiljøet, og på Tussa si nettside for Krafttaket kan folk så stemme fram den aktøren ein meiner fortener å få støtte frå Tussa. Vi valde oss ut strandrydding som vår gode gjerning, og vi har allereie fylt fleire store bossekkar med rask og rot, seier Liv-Tone Ulstein Brunstad, ein av foreldra som var med og hjelpte til med strandryddinga.

Fort gjort å hive frå seg

Liv-Tone Ulstein Brunstad fortel at borna og foreldra fann alt ifrå plast i ulike former til ein aluminiumsfelg.

– Her var mykje tau, både korte og lengre lengder, men også fjøler med spikar på, og mykje anna som potensielt kan vere farleg å kome bort i, seier ho.

Hødd-laga som var med på ryddinga onsdag var jenter 06-07-08 og gutar 03 og 04. Dei eldste jentene rydda Osnessanden, dei litt yngre jentene og gutane rydda utover til og med Roppesanden.

– Vi prøvar å gjere noko som er til det beste for alle, og dette følte vi var midt i blinken. Det er fort gjort å hive ifrå seg, men mange tenkjer nok ikkje over kva for konsekvensar det gir, seier Liv-Tone Ulstein Brunstad, som vil oppmode alle som les denne artikkelen om å gje ei stemme til Hødd handball.

Fleire lokale deltakarar

Men, ein skal ikkje gløyme at det er fleire frå Ulstein og Hareid som er med i årets Krafttaket.

Elevane i klasse 9a, 9b, 9c og 9d ved Ulstein ungdomsskule er også med. Det er også medlemmane i Ulstein Ten Sing. Dei skal synge for bebuarane på alders- og sjukeheimane i Ulsteinvik. I tillegg er Ulstein og Hareid Dykkerklubb med, og dei skal rydde hamnebassenga i Ulsteinvik og Hareid.

Gje di stemme på krafttaket.no.