Remi Stridh, leiar i Ulstein og Hareid Dykkerklubb, fortel at ryddinga i indre hamn på Hareid laurdag kom i stand som ein kombinasjon av Tussa sitt Krafttaket og at det laurdag var den internasjonale strandryddedagen.

- Då passa det bra at vi tok ein god sveip både under og over vatn, seier Remi Stridh.

Vil synleggjere for folk flest

Han fortel at det var to som dykka ned og fann mykje rart på havbotnetn, og at seks andre samla inn søppel på land.

- Vi dykkar på ein del stader kring Hareidlandet, og ser kor mykje søppel som ligg her og der. Vi gjer dette for å få søppelet ut av havet og vekk frå fjøra. Vi ønskjer å synleggjere for folk flest at det ikkje forsvinn sjølv om ein kanskje ikkje ser det.

Stridh fortel at dykkarklubben fann alt i frå gamle syklar og dreggar, til plastikk og teiner.

- Det er mykje av det som kjem frå båtar. I fjøra og på moloen fann vi plastikkposar og emballasje, seier Remi Stridh.