(NPK-NTB): Vanlegvis blir overskotet frå Norsk Tipping fordelt til ulike ideelle føremål etter ein bestemt nøkkel.

– Framlegget frå departementet inneber at det kan haldast éi lottotrekning i 2018 der 50 prosent av overskotet går til DNT. Det blir ikkje lagt opp til at det skal haldast noka ekstratrekning, men at overskotet frå éi av dei ordinære trekningane blir fordelt på ein annan måte enn elles, opplyser Kulturdepartementet.

Det er enno ikkje avgjort kva lottotrekning som skal gå til foreininga.

– Turistforeininga gjer eit viktig arbeid for friluftsliv, fellesskap og betra folkehelse, og i regjeringa er vi glade for å tildele DNT ein del av overskotet i samband med jubileet, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland (H).

Vanlegvis går 6,4 prosent av overskotet frå Norsk Tipping til helse- og rehabiliteringsformål. Deretter blir det resterande overskotet fordelt med 64 prosent til idrettsformål, 18 prosent til kulturformål og 18 prosent til samfunnsnyttige eller humanitære organisasjonar.

I jubileumstrekninga går 50 prosent til DNT, mens resten av overskotet blir fordelt på vanleg måte. Norges idrettsforbund fekk ei tilsvarande handsrekning i samband med jubileet deira i 2012.