Torsdag 14. september (avis) og fredag 15. september (nett) kunne vi presentere «monsterpoteta» til Tirill Sætre i Snipsøyrdalen. Vekta på poteta var 835 gram.

I dag er det eit anna «monster» som blir presentert: kvefsebolet i hagen til Lidvar Rise på Gjerda, nær Hareid sentrum. Kvefsebolet er bygt inne i ein rhododendronbusk, og måler i alle fall 25x20 cm. Ei av rhododendrongreinene går tvers gjennom bolet.

Det blir rapportert om at kvefsane er litt småiltre av seg, og at dei passar godt på bolet sitt. Fleire som har prøvd å nærme seg bolet har blitt stukne.