Eit nytt styre for skipsverftskonsernet Kleven kom offisielt på plass før helga, då informasjon om den nye styreleiaren i tillegg til dei nye styremedlemmane blei meldt inn til Brønnøysundregisteret.

Der kom det fram at det er den 64 år gamle siviløkonomen og næringslivsleiaren Leif Teksum som blir ny styreleiar.

Les også: Kjersti Kleven er einaste igjen frå gamlestyret

Teksum fortel at det nye styret ikkje har vore samla til eit første styremøte enno, og at han difor ikkje kan kommentere noko kring styrearbeidet, men han seier at han ser på si nye rolle som ei tillitserklæring.

– Dette er ei stor ære for meg. Eg er glad for at eg har fått denne tilliten frå dei nye aksjonærane, men også frå aksjonærane som har vore med i Kleven i mange år allereie. Eg er også takksam i forhold til bankane og kreditorane, som valde å seie ja til at eg skulle få hjelpe konsernet med å drive vidare i ei tøff tid, seier Teksum til Vikebladet Vestposten.

Næringslivets bankmann

Teksum er busett i Sandviken i Bergen, og gjekk først på Hamar handelsgymnas, før han seinare studerte ved NHH (Norges Handelshøyskole).

Han blir av mange kalla for næringslivets bankmann, og for å ha nokre av dei tyngste styreverva i norsk næringsliv, og det er ikkje utan grunn. Han var konserndirektør i DnB NOR Bank frå 1991 til 2011 og konserndirektør i DNB frå år 2000 til januar 2013. Sidan mai i 2014 har han vore styreleiar i det norske gjødsel- og kjemikalieselskapet Yara International. Yara hadde i 2016 14.736 tilsette. Teksum var også den som sørga for at Kjell Inge Røkke blei ein stor industrieigar, ifølgje Hegnar.no.

Teksum er elles involvert i styret til fleire kjende aktørar i norsk næringsliv. Han er partnar i konsulentselskapet Vest Corporate Advisors, men også styreleiar i til dømes Yara International. I tillegg er han med som styremedlem i diverse andre selskap som til dømes EVRY, Selvaag Eiendom og Frydenbøgruppen.

Krevjande situasjon

Den nye styreleiaren legg ikkje skjul på at Kleven er ei verksemd det blir utfordrande å vere styreleiar for.

– Det veit eg det blir. Selskapet er inne i ein krevjande situasjon for tida, og slik vil det også vere ei tid framover. Men dette var noko eg var fullt klar over då eg takka ja til å bli styreleiar. No treng eg litt meir tid til å setje meg inn i verksemda, så skal vi kome i gong for fullt, seier Leif Teksum til slutt.

Dette er det nye Kleven-styret:

Styreleiar:

Leif Teksum (siviløkonom)

Styremedlemmar:

Kjersti Kleven (medeigar)

Henrik August Christensen (advokat)

Anne Kjølseth Ekerholt (advokat)

Ole-Christian Sandvold (Oljeanalytikar)

Arild Myrvoll (dagleg leiar, In Nord Vest AS)

Varamedlem:

Åge Remøy (skipsreiar og investor)

Ved både Kleven Verft (biletet) og Myklebust Verft har ein per i dag god ordrebok, men Kleven-konsernet slit med gjeld. No har ny kapital kome til, og nye medeigarar. Foto: Arkiv.