Vinna – haustvinna er i gang. I hagen vår står det to plommetre. Det eine ber gule plommer og blir kalla «Kristin-treet», fordi søstera mi fekk det i 10-årsgåve av bestemor. Følgjeleg nærmar det seg 50 år. I år har plommene på Kristin-treet vore uvanleg store og ikkje så fulle av brune sprekkar som enkelte andre år.

Og så har vi «Selma-treet». Opal-treet fekk namn etter barnebarnet Selma, som sjølv var med på å plante det for fem år sidan. Første og andre året kom der ikkje ei einaste plomme, tredje året kunne vi hauste tre, og i fjor sju. I år har Selma-treet velsigna oss med så mykje plommer at nokre av greinene har knekt under tyngda. Mengda av plommer er så stor at det nyttar ikkje å telje dei.

«Tid å hausta inn» er tittelen på eit av dei briljante dikta til poeten Olav H. Hauge, der han skildrar «desse milde soldagane i september».

Den milde soldagen i september vart ein lykke-søndag heime i hagen min. I låg haustsol, med klirrande middagstallerkenar og lukta av sosekjøt gjennom opne vindauga, klatra barnebarna i plommetrea for å hauste inn.

I ljomen frå barnelatter sat vi vaksne i solveggen med plommer i bøtter og spann. Delte dei i to, tok ut steinane og pakka dei i posar på 500 gram. Etter kvart vart stablane store, og sjølv om posane vart fordelt på både slekt og venner, vart det mange i min eigen frysar også. No ligg dei der, saman med frosa rips, frosne solbær, frosne stikkelsbær og frosne molter. Det er fint med haustvinne, men kva i all verda skal eg bruke all bæra til?

I barndommen var det ikkje så mykje sylte og saft på matbordet heime hos oss, mor mi meinte det ikkje var bra for tennene. Det gjeld nok framleis. Men endå meir påtrengande i dag er det nok at folk skal passe seg for ikkje å få livsstilssjukdomen diabetes 2, og då gjeld det å styre unna sukkerhaldig sylte og dessertar.

Så no prøver eg å lese meg opp på plommerettar med lite sukkerinnhald. I går gjekk eg til innkjøp av «VG godt – 60 sider med matglede», som lyste mot meg i kassa på Spar. På framsida lokka dei med haustens store hagefest og dei beste oppskriftene med plommer. Kanskje skal eg prøve meg på Lise Finckenhagen si «Plommegalette». Den har totalt 8 spiseskeier med sukker – og tek ca. tre timar å lage. Med mi innstilling til langtidsplanlegging kjem nok galetten ikkje ofte på bordet heime hos oss. Eit alternativ kan vere «Plommechutney». Til 400 gram plommer og 50 gram tørka aprikosar går det med 50 gram sukker. Chutney er truleg noko som vi ikkje kjem til å ete i store mengder, så det er fare for at det vil gå tregt å tømme frysaren for plommer.

Under innhaustinga foreslo forresten husbonden at vi måtte plante nokre fleire plommetre. Det var for snippe at dei andre barnebarna ikkje hadde sine eigne tre. Men der set eg foten ned. Matauk er flott, men to plommetre er nok.