Onsdag 20. september startar IL Hødd Fotball opp att «Kafé 1919» på Høddvollhuset. Etter ei prøveperiode med kafédrift i vår, gjer klubben fleire endringar og kafeen blir no eit av tiltaka som kjem inn under prosjektet «Frivillig arbeid som arena for integrering og språktrening».

Prosjektet er eit nytt samarbeid mellom Ulstein kommune og IL Hødd Fotball der målet er å få fleire busette flyktningar og fleire innvandrarar til å ta del i frivillige arenaer i Ulstein kommune.

Skal heve standarden

– Vi gjorde oss nokre erfaringar i vår, der vi mellom anna fann ut at vi ikkje nådde nok ut til folk, at folk ikkje visste godt nok om kafeen. I tillegg så var ikkje serveringstilbodet godt nok til at folk ville kome for å kjøpe mat der. No skal vi heve standarden veldig, og ein skal få både mykje og god mat for pengane. Vi kjem også til å profilere prosjektet i mykje større grad, fortel André Gardshol i Hødd.

Ein viktig møteplass

Dagleg er det mange hundre personar, barn og vaksne, i aksjon på Høddvollområdet, og det er mellom anna desse Hødd håpar vil nytte tilbodet. I kafeen kjem ein framover til å treffe Senait Gebremariam Michael, Maryam Rahimi frå og Abdullah Haji Uthman. Dei kjem opphavleg frå Eritrea, Afghanistan og Syria, og det kjem ein også til å merke på menyen til «Kafé 1919».

– Gjennom prosjektet med Ulstein kommune har vi fått inn tre deltakarar frå introprogrammet som skal vere her kvar onsdag, der dei skal drifte og lage maten til kafeen. På sikt er målet at dei skal kunne drifte den på eiga hand, men vi kjem nok til å vere med ein del i starten, fortel Gardshol.

Prosjektet har fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, og gjennom denne har Gardshol ei lita prosjektstilling inn mot arbeidet. Det same har Kristine Dale frå Ulstein kommune.

– Ideen til dette tiltaket kom frå Hødd, og så har vi kome fram til utforminga av prosjektet i samarbeid. Høddvoll er allereie ein viktig møteplass for folk og vi tenkjer at dette kan bli veldig sosialt og dermed kan ein få mykje utav det for alle partar, seier Dale.

Treng fleire frivillige

André Gardshol håpar at samarbeidet mellom Hødd og Ulstein kommune på sikt kan vere med på å sikre klubben fleire frivillige.

– Vi har eit behov for fleire frivillige. Desse som kjem inn her er busette flyktningar, og dei skal bu her i generasjonar. Vi ønskjer å få integrert dei i samfunnet og at dei skal verte kjende med den norske dugnadsmodellen og med korleis vi jobbar i Hødd.

Kristine Dale fortel at det kan vere utfordrande å få innvandrarar til å ta del i dugnadsarbeid, ikkje grunna manglande vilje, men som følgje av kulturforskjellar.

– Det er ikkje uvilje, men både manglande informasjon, språk og transport kan spele inn. Det blir ein viktig del av prosjektet å jobbe med å betre informasjonen, og på å vere veldig konkrete om kva som er forventa, slik at ein også kan få med foreldre som allereie har ungar i klubben, eller som kjem inn som nye medlemmar etter kvart. Det kan vere små ting som gjer at folk ikkje møter.

Då kan dei også gå glipp av moglegheiter til å verte kjende med folk i lokalmiljøet.

– Heile poenget er jo at folk skal møtast. Både folk med innvandrarbakgrunn og andre, fortel Dale.

Fleire område

Difor skal ein også jobbe for å få med fleire frå målgruppa i mellom anna vaktlag og kioskdrift under kampar, samt i andre arrangement i Hødd-regi.

– Kafeen er berre éin arena, men målet er at dette skal spreie seg til fleire område, fortel Dale.

Fredag var Senait Gebremariam Michael og Maryam Rahimi på plass på Høddvoll, der dei onsdag debuterer på «Kafé 1919». Dei to kvinnene ser fram til oppgåva, og lovar at det skal bli både god og spanande mat på kafeen. Både norsk og internasjonal.

– Eg tenkjer at dette blir ein bra jobb, der eg både kan lage afghansk og anna mat. Eg kan litt norsk allereie, men her får vi snakka mykje norsk, fortel Rahimi.

Drifta av kafeen fungerer nemleg som språkpraksis for dei tre deltakarane frå introprogrammet.