Denne veka signert Karsten Warholm, nybakt verdsmeister på 400 meter hekk under på ein avtale om å verte MOT-ambassadør. Det går fram av ei pressemelding frå Ulstein - Lokalsamfunn med MOT.

- Eg har sett at det er eit arbeid som er viktig. Eg ser at det har vekse mykje sia eg gjekk her og det er bra, seier Karsten Warholm i pressemeldinga.

Dei unge MOTivatorane i 10.klasse synest det er gøy at Karsten vil vere MOT-ambassadør for Ulstein.

- Det er ekstra gøy for oss som går på friidrett, at han kjem frå vår klubb Dimna, samstemmer Mats Fredriksen og Anette Lydersen, som er to av fjorten 10.-klassingar som er skulerte som «Ung MOTivator» ved Ulstein ungdomsskule.

- Det at han takkar ja seier noko om han som person og han passar veldig godt som MOT-ambassadør og førebilete for ungdom, held Mats og Anette fram.

- Viser at han bryr seg

Det var ordførar Knut Erik Engh og rektor Leon Romestrand ved Ulstein ungdomsskule som var med på signeringa av MOT-avtalen med Karsten Warholm.

- Det er kjempekjekt at han Karsten vil vere med som MOT-ambassadør i Ulstein. Det viser at han bryr seg om lokalsamfunnet sitt, og at han sjølv har gode erfaringar med MOT frå tida då han hadde dette programmet i ungdomsskulen, seier MOT-leiar og ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh.

Romestrand er einig med orføraren.

- Det er veldig bra at vi har fått inn Karsten Warholm som lokal MOT-ambassadør i Ulstein kommune. Karsten lev opp til dei gode verdiane til MOT, og vi er sjølvsagt stolte over at han er tidlegare elev ved ungdomsskulen. Vi er allereie i dialog rundt eit opplegg der alle elevane ved Ulstein ungdomsskule får møte Karsten og høyre korleis han har arbeidd for å bli verdsmeister, seier MOT-rektoren ifølgje pressemeldinga.

Inspirasjon og førebilete

Marie Flatin er MOT-kordinator i Ulstein. Ho fortel at forventningane til den nye ambassadøren først og fremst handlar om å vere ein inspirasjon og eit førebilete for ungdomane.

- Vi veit at Karsten har det hektisk, men vi satsar på at han blir med på eit eller fleire av våre arrangement når det klaffar for han, avsluttar MOT-koordinatoren.

Førebilete. Karsten Warholm får gåve av dei unge MOTivatorane Mats Fredriksen og Anette Lydersen. – Karsten passar godt som MOT-ambassadør og er eit førebilete for ungdom, samstemmer dei to 10.klassingane ved Ulstein ungdomsskule. (Foto: Marie Flatin)