– Det er ein styrke for oss som sektor og for Hareid som samfunn at så mange no kan førstehjelp, slår kommunalsjef Berit Aasen fast.

Tidlegare i år fekk både Hareid og Ulstein etter tilsyn pålegg med Fylkesmannen. Helsetilsynet avdekte at personar med utviklingshemming ikkje får den hjelpe dei har krav på. Nokre tilsette mangla kompetanse i mellom anna førstehjelp.

No har Hareid kommune greidd å dekkje det avviket.

Kursa eigne

Aasen og einingsleiar Monica Småge Skeide fortel at dei alt før tilsynet hadde diskutert korleis dei skulle stette kravet om at tilstrekkeleg personale kan førstehjelp. Dei meinte det kunne vere nyttig at alle innan velferd kan førstehjelp, uansett yrkestittel. Å kurse så mange, der dei tilsette jobbar ulike turnusar og dei kan ikkje stenge sjukeheimen medan dei blir kursa, byr på utfordringar.

Løysinga vart å kurse dei i fleire puljar. Og i staden for å leige inn ein instruktør utanfrå for å kome å halde fleire kurs, kom Skeide på at dei kunne utdanne eigne tilsette til instruktørar.

Seks tilsette (fire sjukepleiarar og to helsefagarbeidarar) melde seg frivillig. Dei har no fått opplæring, og så har dei igjen kursa fleire puljar med tilsette. Til saman rundt 150 tilsette innan velferd i Hareid kommune. To og to held kurs i lag.

– Det kosta omtrent det same å utdanne eigne instruktørar og kjøpe inn utstyr som å leige inn ein utanfrå. Då kom me til at det er betre å heve kompetansen på eigne tilsette, seier Aasen.

– Me er her

Ein av dei som har utdanna seg til instruktør er Liv Tone Ulstein Brunstad. Ho ser det som ein fordel at dei som instruktørar er der også etter kurset er ferdig. Då kan dei som har vore på kurs spørje etterpå om det er noko dei er usikker på. Det kan ein ikkje like lett med instruktørar som reiser vidare.

– Det er veldig kjekt for oss at dei andre på jobb også kan førstehjelp, så står ein ikkje der aleine, seier Brunstad.

For å instruere andre i førstehjelp må ein vere sertifisert. Aasen seier at instruktørane dei no har utdanna skal reise på oppdateringskurs etter kvart, for å friske opp sertifiseringa.

Ho er veldig glad for at dei seks tok utfordringa og stilte opp. Dei skal også instruere alle vikarar innan velferd. Og Aasen har også vore i kontakt med andre sektorar i kommunen, som oppvekst, om at dei kan få låne desse instruktørane for kurs.