Ottar Arne Hareide i Hareid Elveeigarlag kan summere opp at laksefisket i år har vore dårlegare enn i fjor. Det er rapportert inn at det er landa 14 laksar, den største på sju kilo, og om lag 40 pjakkar (opp til 3 kg).

Men ein rekord, som kanskje ikkje er så kjekk, er at elveeigarlaget har fått rapportar om at opptil 11 otrar har boltra seg i elva, og at det er observert spekkhoggarar like ved elveosen som har forsynt seg med laks som vil opp i elva.

– Det blir til og med påstått at det er sett delfin ved osen, fortel Hareide. Leiaren i elveeigarlaget nyttar høvet til å rose Stein Hareide som har gått i brodden med å setje opp tre gapahukar langs elva. Desse kan brukast av turfolk heile året.