– Vi har fått ein del tilbakemeldingar frå kundar om at tiggarane som har opphalde seg ved inngangspartiet til kjøpesenteret til tider har vore noko pågåande, så situasjonen har vore litt trasig, seier sentersekretær Kathrine Gåsvik Ulstein ved Blåhuset i Ulsteinvik.

Sjølv om det vert arbeidd for å gjeninnføre forbodet mot tigging her i landet, er tigging i utgangspunktet lovleg. Dersom tigginga er plagsam og aggressiv kan politiet likevel gripe inn med bakgrunn i heimlar både i politilova og i straffelova.

Sentersekretæren ved Blåhuset fortel at dei har vore litt usikre på kva høve dei har hatt til å vise bort tiggarar frå området, men etter å ha rådført seg med lensmannskontoret har dei fått tilbakemelding om at dei er i sin fulle rett til å forby tigging på sin eigen grunn.

– For eit par veker sidan sette vi difor opp eit oppslag ved inngangspartiet der vi gjorde det klart at tigging ikkje er lovleg. Dette ser ut til å ha hatt effekt, seier Gåsvik

– Vert konsekvent avvist

Tiggarane har også gitt seg til ved kjøpesenteret Amfi Ulsteinvik, men senterleiar Helene Holstad fortel at dei konsekvent har avvist tiggarar, noko som også er i tråd med Amfi-kjeda sine retningsliner.

– Dersom det dukkar opp tiggarar ved senteret tek vi det opp med dei munnleg at det ikkje er lov å tigge her. Det krev at vi passar på og er konsekvente, men i det store og heile går det greitt. Det er som regel dei same bilane og same folka som dukkar opp, men av og til kjem det nye til, seier Holstad som understrekar at det ikkje er noko lett oppgåve å skulle vise bort folk

Tilkalla politiet

Også ved Coop Extra på Hareid har tigging ved inngangsdøra vore eit problem.

– Vi har hatt ein del klager frå kundar som fortel at dei vil handle andre stader dersom tigginga held fram, seier assisterande butikksjef Mona Arnesen. Ho kan fortelje om tilfelle der tiggarane har følgt kundar inn i butikken og bedt dei om å betale for varene sine.

– Det gjekk så langt at vi for eit par veker sidan såg oss nøydde til å kontakte politiet. Dei kom og fekk tiggarane til å forlate staden og sidan har vi ikkje hatt dei her, seier Arnesen som har inntrykk av at tigginga har gått føre seg utanfor alle dei tre daglegvareforretningane i Hareid sentrum.