Det vesle ingeniørselskapet med det treffande namnet Jupa vart starta for fem år sidan av Hallvar Møller (frå Hareid), John Harald Schjelderup (Ørsta) og Endre Birkeland (Odda). Dei tre er likeverdige partnarar og held til i Randaberg utanfor Stavanger.

– Det var her vi hadde jobbane våre frå før også. Dei to andre i Statoil, eg i Subsea Seven, fortel Hallvar Møller, som måndag var i Florø for å snakke med ein kunde.

Jupa har spesialisert seg på syrevasking av subsea-utstyr på havbotnen for å bli kvitt kalk og rust, og Hallvard Møller slår fast at innteningskurva ikkje har gått bratt oppover for kvart år.

– Det starta nokså bra for fem år sidan, men også vi har fått merkenedturen i oljenæringa, fortel han.

Eit etterslep på vedlikehald

Når oljeselskapa tener mindre pengar, blir det ofte spart utgifter på vedlikehald.

Men det går ikkje i lengda, og Jupa merka no at det har kome eit etterslep på vedlikehaldet.

Då jupa starta opp for fem år sidan vart Island Offshore i Ulsteinvik den første kunden deira, og med brønnintervensjonsfartøya «Island Wellserver» og «Island Frontier» i flåten er dette selskapet framleis største kunden til Jupa.

Blant andre kundar er Songa. I oktober i fjor fekk Jupa ein kontrakt på levering av utstyr til den nye CAT-D riggen Songa Encourage.

Utvikla av dei sjølve

Jupa jobbar stadig med vidareutvikling av utstyr, og alt blir produsert lokalt i Rogaland. Alt utstyret som Jupa leverer er eigenutvikla av dei tre eigarane, og med det patenterte utstyret SolidCitric slepp kundane å ha ROV eller dykkarar til stades under vaskeprosessen.

Hittil har utstyret blir brukt ned til 600 meters djupne, men ifølgje Møller er det ikkje noko problem å bruke det på endå større djupner.

Satsar sterkare internasjonalt

Kontrakten med BP i Egypt inneber at Jupa skal levere utstyr til Taurus-Libra feltet. Kontrakten inkluderer levering av SolidCitric-patronar og adapter-verktøy.

– Målet vårt er å selje meir til utlandet. Problemet med kalk er aller størst i varmare strøk, og installasjonar i Middelhavet og Australia er interessante marknader for oss, fortel Hallvar Møller.